Innfrir delvis for kristne

Som president har Donald Trump levert på nokre hjartesaker for kristne som røysta på han. Meir utfordrande løfte er enno ikkje oppfylte.

Publisert Sist oppdatert

I dag er det hundre dagar sidan Trump vart innsett som president i USA. Eigenattesten frå Det kvite hus kom i ei pressemelding denne veka: «President Donald J. Trump har gjort meir for å stoppe styresmaktene frå å blande seg inn i livet til amerikanarar i løpet av sine første 100 dagar enn nokon annan president i historia».

Ny tone

Påstanden vert gjenstand for diskusjon, som dei fleste utspela frå Trump. Men løfta hans om å verne den individuelle fridomen var ei viktig årsak til at 81 prosent av kvite evangeliske kristne som nytta røysteretten ved presidentvalet, støtta Trump.

Blant desse er det mange som meiner at den liberale og sekulære eliten har brukt makta si til å fremje eigne interesser og undergrave dei judeo-kristne verdiane som USA er bygd på.

Barack Obama og Hillary Clinton vert oppfatta som typiske representantar for ei slik utvikling. Mange merkar seg også at Trump har ein venlegare tone overfor Israel og tøffare tone mot islamisme enn Obama hadde.

LES OGSÅ: De tror Gud utvalgte Trump

Håp og trugsmål

Kvar fjerde amerikanar reknar seg som evangelisk kristen, ifølgje Pew Research Center. Men dette er ei samansett gruppe, både teologisk, politisk og etnisk. Nokre oppfattar bodskapen til Trump om strengare innvandringspolitikk, skattekutt og «America first» som ei realisering av kristne verdiar.

Andre meiner det stikk motsette. Då forfattarane Eric Metaxas og Jim Wallis nyleg møttest til debatt på Al Jazeera om Donald Trump, vart det tydeleg kor forskjellig to som identifiserer seg som evangeliske kristne, kan vurdere Trump. For Metaxas er Trump eit håp om å redde fridomen som USA. For Wallis er Trump eit trugsmål.

Både Metaxas og Wallis er kvite menn. Men hudfarge er ein betre indikator enn tru for korleis folk røystar ved politiske val i USA. Blant evangeliske kristne som er latinoar og afroamerikanarar, var oppslutnaden om Trump langt mindre enn blant kvite.

LES OGSÅ: Latino-kristne reformerer USA

Snakkar til konservative

Eit lite, men viktig teikn på at Trump har ei anna tilnærming til kristne med konservative verdiar, er kva medium han uttalar seg til. Den relativt vesle kristne tv-kanalen CBN vart i januar den tredje som fekk eit eksklusivt intervju med Trump.

Denne veka møtte Trump ei lita gruppe konservative journalistar. Ein av dei var kommentatoren Cal Thomas i kristne World Magazine. Thomas meiner Trump gjer både landet, konservative kristne journalistar og seg sjølv ei teneste ved å vie merksemd til andre media enn dei store og liberale.

Fekk dommar

Ei av hovudsakene for kristne Trump-veljarar var løftet om å utnemne ein konservativ dommar til det ledige setet i Høgsterett. Rett før påske vart dette ein realitet då Senatet gav embetet til Neil Gorsuch.

LES MER: Kristen jubel for Trumps kandidat til høgsterett

Høgsterett har stor makt i USA. Dei ni dommarane har ansvar for å fortolke den amerikanske grunnlova. Det inneber at dei tek stilling til viktige prinsipielle spørsmål. Til dømes er det denne domstolen som har avgjort at abort og likekjønna ekteskap må vere lovleg i alle amerikanske delstatar.

Styrkeforholdet mellom konservative og liberale dommarar er ikkje endra med utnemninga av Gorsuch. Han erstatta den konservative Antonin Scalia. Men konservative støttespelarar håper at Trump skal få høve til å utnemne fleire høgsterettsdommarar.

Spenningsfylte løfte

Ei anna hjartesak for konservative kristne i USA er trusfridom. Dei siste åra har det vore tiltakande spenningar mellom interessene til seksuelle minoritetar og kristne med eit tradisjonelt syn på ekteskapet.

Bakarar, fotografar og blomehandlarar har hamna i rettstvistar med til dels svære erstatningskrav fordi dei ikkje har ønska å medverke ved homobryllaup. Kristne utdanningsinstitusjonar og organisasjonar med eit tradisjonelt syn har også kome under press.

LES OGSÅ: En kristen nøtt til Trump

I valkampen lova Trump å verne om trusfridomen. Samstundes har han lova å vere ein «verkeleg ven» av LHBT-miljøet. Spørsmålet er korleis presidenten skal greie å gjere begge gruppene nøgde. Det den eine gruppa ser som vern, ser den andre som diskriminering.

Framleis står ein presidentordre om religionsfridom på vent. Eit utkast sirkulerte allereie i starten av februar, men vart ikkje signert. Både kristne konservative leiarar og republikanske kongresspolitikarar har pressa på for ein slik ordre skal kome. Nokre fryktar at Trump vil vike unna i desse spørsmåla, andre er trygge på at han vil innfri.

Åndeleg helse

Eit påfallande trekk i valkampen var at fleire kjende evangeliske kristne leiarar og publikasjonar gjekk i rette med Trump, men at oppslutnaden om han mellom fotfolket likevel var påfallande stor. Mellom dei kritiske var Christian Post, World Magazine og Christianity Today.

Sjefredaktør Mark Galli i sistnemnde publikasjon meiner Trump og administrasjonen hans kom dårleg ut med reiseforbodet frå sju muslimske land, støy rundt utnemning av statsrådar og rapportar om kaos i Det kvite hus. Magasinet har kritisert haldningane Trump har vist til flyktningar og tilsynelatande likesæle til miljøspørsmål.

Galli understrekar at Trump er ein mann som er elska av Gud, men er «djupt uroleg over det som er mogeleg å observere når det gjeld Trumps åndelege helse». Trass usemje håper Galli at evangeliske kristne kan einast om å angripe eller forsvare Trumps politikk basert på ei vurdering av kva som er til fellesskapets beste.

«Og at vi gjer dette som menn og kvinner som kjenner seg sjølv og Trump som syndarar i ein rettferdig Guds hender, som ikkje vil godta noko vondt - og aldri vil la vere å ta imot den som omvender seg».

Powered by Labrador CMS