Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Interessant om haugianarar

Ei bok for alle som er interesserte i haugianismen og i norsk historie generelt

Publisert Sist oppdatert

Hans Petter Foss veit kven alle hans 32 tipptippoldeforeldre er. Det er i seg sjølv imponerande, men det spesielle er at Tollef Olsen Backe er ein av dei.

Han var ein svært sentral haugianar i si tid, kanskje den fremste leiaren etter Hans Nielsen Hauge. Dei to stod kvarandre svært nær. Samstundes vart det ein strid rundt Backe, fordi han vart skild og gifta seg oppatt.

Det er denne slektsamanhengen som er bakgrunnen for at Foss har skrive denne boka. Vi får ei grei innføring i haugianismen og vi møter fleire sentrale haugianarar, men hovudpersonen er Tollef O. Backe.

Han var nesten som ein kopi av Hauge ved at han var både forkynnar og forretningsmann, og på det viset ein haugiansk høvding – inntil skilsmissa og attgiftet.

Vanskeleg ekteskap

Ved at vi får fylgja Backe både som kristen leiar og som forretningsmann, får vi samstundes ei brei innføring i haugianismen og det haugianske næringslivet i Numedal og Drammen, og områda rundt.

Dette var dei sterkaste haugianske områda i heile landet, i alle fall på Austlandet, slik Foss vurderer det. Det trur eg han har rett i. Backe var også engasjert i haugianismen i Amerika.

Det vil føra for vidt å referera alt det Backe tok seg føre og alt det andre haugianarar i området bidrog med. Her får eg berre visa til boka. Backe hadde eit vanskeleg ekteskap, ved at kona ikkje var med han i hans kristne og haugianske engasjement.

Det var bakgrunnen for skilsmissa. Hans andre kone var derimot ein ihuga haugianar, men ved det ekteskapet miste Backe tillit og posisjon blant haugianarane.

Samfunnstiltak

I boka får vi også fylgja den haugianske historia i området etter Tollef si tid, særleg ved sonen Niels, som på mange vis gjekk i faren sine fotspor. Både han og faren var sentrale i fleire samfunnstiltak ut over det som var av privat karakter, og i det politiske.

Det er ei fin og god bok, godt skriva og med gode bilete og illustrasjonar. Foss er kjent som bokhandlar, men her viser han seg også som skribent.

«Haugianeren» er ikkje berre ei bok for Foss og slekta hans, eller for folk som er interesserte i historia til Numedal og Drammen, men det er ei bok for alle som er interesserte i haugianismen og i norsk historie generelt. Eg har lese mange bøker om Hauge og haugianismen, men her var mangt eg ikkje visste.

Powered by Labrador CMS