KREMASJON: I Sverige har debatten gått for seg etter eit krematorium inviterte barn til open dag. Bildet er frå eit anna krematorium.

Inviterte barn til skattejakt på krematorium

Ei omvising på eit krematorium i Sverige har skapt mykje debatt i landet – får støtte frå norsk gravferdsdirektør.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg inviterte Svenska kyrkan i Borås, utanfor Göteborg, for første gong til open dag på krematoriet.

Der skulle barn få delta på ein «skattejakt» etter teikningar av osketroll gøymd rundt omkring i lokala. Samtidig kunne dei spørje «guiden» om det dei lurte på rundt døden.

Etter den svenske avisa Göteborgs-Posten først omtalte saka, har arrangementet skapt mykje debatt i Sverige.

Vekker reaksjonar

Ei rekke svenske aviser, radio- og tv-kanalar har omtalt saka, og i kommentarfelta på Facebook går debatten hardt for seg.

Nokon tar til ordet for å halde barna unna krematoriet, mens andre meiner det er eit bra initiativ som vil gjere døden mindre skremmande for dei yngste av oss.

«Kva slags sjukt påfunn er dette? Kvifor skal barn vere på ein slik stad?», skriv ei.

«Så bra! Vi har nettopp hatt kyrkjegardsvandring for 10-åringar, og dei både vil høyre og toler å høyre om kva som skjer med døde kroppar.», skriv ei anna.

Omvising på krematoriet

Under arrangementet, som fann stad førre helg, var det planlagt ein guida tur gjennom krematoriet.

Kyrkjegardssjefen i Borås, Stefan Bärve, seier til Göteborgs-Posten at han meiner det kan bidra til å gjere døden mindre tabubelagt. Han påpeikar at barn ofte tør å stille dei spørsmåla vaksne kvir seg for.

Planen var å mellom anna vise fram omnane for å forklare korleis kremasjonen går føre seg, samtidig som ein hadde aktivitetar for barna undervegs. Dei skulle få leite etter gøymde «osketroll» og teikne ei helsing til nokon som har døydd, om dei ville det.

Det var likevel ikkje planlagt noka kremasjon under omvisinga. Og kjølerommet, der lika ligg før dei blir kremert, var stengt for anledninga.

– Vi jobbar med verdigheit og respekt, det er grunnkoden. Så er folk sikkert nysgjerrige på kjølerommet, men der er det stopp, sa kyrkjegardssjefen til avisa.

Opne krematorium i Norge

Magne Hustavenes er direktør for gravferdsetaten i Oslo kommune. Han seier til Vårt Land at dei også har opne dagar, men at målgruppa aldri har vore barn.

Likevel meiner han ikkje arrangementet i Borås er noko oppsiktsvekkjande.

– Eg synest det er vanskelegare med folk som let som om døden ikkje finst. Barn er ikkje skjerma mot døden. Dei har både besteforeldre og naboar – døden skjer jo. Vår jobb er å avmystifisere og ikkje skape meir frykt, seier han til avisa.

Powered by Labrador CMS