Irak: President og patriark i bitter strid om råderett over kyrkjer
Stadig færre kristne føler seg heime i Midtausten. Sjølv ikkje ein kyrkjeleg toppleiar sit trygt.
Louis Sako er patriark i den kaldeiske kyrkja i Irak. Han er ein mann med makt, som ofte uttalar seg på vegne av alle irakiske kristne. Då paven gjesta landet i 2021, var det patriark Sako som sto nærast og fekk sole seg i glansen.
I juli i fjor kom tilbakeslaget.
Iraks president, Abdul Latif Rashid, oppheva eit dekret som formelt anerkjente Sako som leiar av den kaldeiske (katolske) kyrkja og ansvarleg for kyrkjelege eigedomar.
Sako meinte presidentens vedtak var eit angrep på kyrkja.
Symboltung flytting
Etter Saddams fall i 2003 vart Bagdad ein livsfarleg by for kristne. Lenger nord i landet, i den sjølvstyrte kurdiske regionen, fann mange flyktningar ei trygg hamn.
Symbolikken var tung då også patriark Sako vart tvungen til å flytte frå Bagdad til den kurdiske hovudstaden Erbil i juni 2023.
Konflikten med presidenten var då blitt så intens at enkelte frykta patriarken kunne bli sett i fengsel. Dermed måtte han forlate den vakre katedralen og den vesle flokken med kaldeiske kristne som framleis bur i Bagdad.
Patriarken bad om hjelp hos paven og gjekk til sak mot presidenten. Det hjelpte ikkje. Like før jul tapte han rettssaka, skriv det assyriske nyheitsbyrået AINA.
Pressa vekk
Stadig færre kristne kjenner seg heime i Midtausten, melder den kristne menneskerettsorganisasjonen Åpne Dører i den siste årsrapporten sin. Krise etter krise har pressa dei kristne vekk frå regionen.
Striden mellom den irakiske patriarken og presidenten blir nemnt som ei av fleire saker som no legg press på kristne i regionen.
Rapporten peikar også på ein tredje aktør i det irakiske dramaet, nemleg leiaren for Babylon-militsen, Rayan al-Kildani.
Militsleiaren framstiller seg som dei kristnes gode ven og brukar eit bilete av seg sjølv og paven i sosiale medier, samtidig som han er svartelista av USA for menneskerettsbrot.
Militsgruppa vart danna i 2014 for å slåss mot IS, men fekk snart politiske ambisjonar. Sjølv om dei har sjiamuslimsk fleirtal og tette band til Iran, har dei også kristne medlemer.
Dei kontrollerer no alle dei fem seta i parlamentet som er reservert for kristne og minoritetar, ifølgje Åpne Dører-rapporten.
Patriark Sako skuldar militsleiaren for å stå bak konflikten for å få hand om dei kyrkjelege eigedomane.
Rayan al-Kildani avviser skuldingane.
– Maktspel
– Konflikten mellom patriarken, presidenten og militsleiaren er ein kamp om makt og pengar, seier ei kjelde med lang erfaring frå Midtausten til Dagen. Kjelda ønskjer ikkje å bli omtala med namn på grunn av eigen tryggleik.
– Patriarken ønskjer å bestemme over alle dei kyrkjelege eigedomane. Dette vil presidenten ha slutt på. Han meiner ein del av eigedomane er irakiske, ikkje kyrkjelege. Dessutan betaler staten løna til prestane. Då meiner presidenten at staten også bør vere med og bestemme kven som skal utnemnast til biskopar og kyrkjelege posisjonar.
Kjelda meiner at både presidenten og militsleiaren ønskjer å redusere patriarkens makt og å få hand om kyrkjas store ressursar.
– Dei vil kontrollere dei kristne, men dei kristne vil ikkje bli kontrollerte. Difor flytter dei, seier han og fortel at han stadig høyrer om kristne som reiser frå Irak.
Flytter frå Irak
– Migrasjon er det einaste folk tenkjer på. Kvar dag er det nokon som dreg, seier Yohanna Twaya.
Han er advokat, driv humanitært arbeid og er frå Qaraqosh, den største av dei kristne landsbyane på Ninivesletta i Nord-Irak.
Twaya fortel at det ikkje berre er patriarken og presidenten som ligg i strid. Leiarar for ulike kyrkjesamfunn kritiserer kvarandre offentleg.
Erkebiskopen i den syrisk-katolske kyrkja, Youssef Aba, uttrykte nyleg «djup smerte» over det han meiner er verbale angrep frå patriark Sako, ifølgje Syriac Press.
Leiaren for Den kaldeiske kyrkja har nemleg skulda irakiske politikarar og biskopar for å vere passive og korrupte, samtidig som det skjer ei ustoppeleg utvandring av kristne, skriv katolske The Tablet.
Utan å nemne namn delte Sako også irakiske biskopar i tre grupper:
• Dei som held fast på tradisjonane og let som om alt er ok.
• Dei som er korrupte og blinda av pengar.
• Dei som er sterke personlegdomar og modige leiarar.
Dette fall andre kyrkjeleiarar tungt for brystet.
Pregar overskriftene
Patriark Sako har tidligare oppfordra andre kyrkjer i Irak til å samarbeide eller slå seg saman med Den kaldeiske kyrkja. At dette ikkje lukkast, hevdar patriarken blant anna skuldast at Babylon-militsen har prøvd å lokke biskopar med pengar og posisjonar.
– Dei kyrkjelege konfliktane pregar overskriftene kvar dag. Det stiller kristne i eit dårleg lys, seier Twaya.
Også to syrisk-katolske biskopar kranglar offentleg.
– Den syrisk-katolske biskopen i Bagdad støttar militsleiar Rayan al-Kildani, medan biskopen i Qaraqosh er usamd, opplyser Twaya.
Traumatiserte etter dødsbrann
Før invasjonen i 2003 var det rundt 1,2 millionar kristne i Irak. No er talet under 200.000, meiner Yohanna Twaya.
I Qaraqosh tok dødsbrannen i eit bryllaup i september i fjor motet frå mange. 133 menneske døde i brannen, som ramma det kristne samfunnet svært hardt.
– Folk i Qaraqosh er framleis traumatiserte etter brannen, seier Twaya.
Stor arbeidsløyse og presset frå Babylon-militsen er andre grunnar til at folk gir opp.
– Regjeringa gir løfter, men det skjer ingen ting. Alt blir berre verre og verre. Unge tek utdanning, men får ikkje arbeid. Livet stoppar opp. Dei kjenner seg tvinga til å vere med i militsen for å få jobb.
Tyrkiske bomber
Tyrkias hyppige bombeangrep mot PKK-geriljaen i fjella i Nord-Irak er også ein grunn til at kristne flyktar. I områda der PKK-geriljaen blir skulda for å gøyme seg, er det mange assyriske, kristne landsbyar.
Også koran-brenning i Sverige førte til auka press på kristne i Irak, melder Åpne Dører.
Ny flyktningbølgje
Steg for steg blir livet uuthaldeleg for kristne fleire stader i Midtausten, heiter det i Åpne Dører-rapporten.
Etter meir enn eit tiår med krig i Syria, var dei kristne spreidde for alle vindar og kyrkjene svekka. Så kom det kraftige jordskjelvet i februar i fjor og gjorde alt endå verre.
Samtidig er militante islamistar som slåss mot Assad-regimet, ein stadig trussel mot kristne. Det blir også meldt at tyrkisk-støtta troppar har angripe kristne kurdarar i Nord-Syria.
Åpne Dører melder no om ei bølgje av kristne familiar som flyktar frå landet.
Trygg hamn ikkje så trygg lenger
Sjølv i Libanon, der kristne tradisjonelt har hatt ein solid posisjon, er livet blitt svært vanskeleg.
Mange kristne libanesarar tenkjer no på å forlate landet, melder Åpne Dører.
Viviane Brakya deler dette inntrykket.
– Eg trur dei fleste kristne tenkjer på å forlate dei arabiske landa, seier Brakya som er ekspert på assyrisk, kristen historie og har drive hjelpearbeid gjennom den assyriske kyrkja i Beirut.
– Blant faktorane som får folk til å dra er ustabilitet, dårleg økonomi, manglande tillit til styresmaktene og svekka helsetilbod, seier ho legg til at draumen om å reise blir forsterka av meldingane om kor godt det går med dei som alt har reist til Vesten.
Brakya understrekar at dei økonomiske problema rammar både kristne og muslimar i regionen:
– I Irak har mange ikkje fått utbetalt løn på fleire månader.
Samtidig som Libanon opplever økonomisk krise, har det vore fleire angrep på kyrkjer og kristne eigedomar, melder Åpne Dører.