DOMFELTE: Tre kristne konvertittar i Iran er dømde til lange fengselsstraffer og tap av sosiale rettar. Abbas Soori, Narges Nasri og Mehran Shamloui.
Article 18 / Stefanusalliansen
Iran: Gravid kristen kvinne dømd til 16 års fengsel
Den rekordlange dommen fall på kvinnedagen.
Tre kristne konvertittar er dømde til over 40 år i fengsel til saman for skuldingar knytte til trua deira og aktivitet i huskyrkjer. Det melder stefanus.no, som har opplysingane frå organisasjonen Article 18, ein organisasjon som Stefanusalliansen støttar.
Narges Nasri (37) er om lag halvveges i svangerskapet med det første barnet sitt. Ho fekk tre dommar på til saman 16 års fengsel.
– Dette er den lengste fengselsstraffa idømt noko kristen kvinne i Iran, fortel direktør Mansour Borji i organisasjonen Article 18 til Stefanusalliansen.