Israels president forsikrar at det skal vere full trusfridom
Isaac Herzog garanterer at han vil stå imot alle former for rasisme, diskriminering og ekstremisme.
I tråd med tradisjonen inviterte presidenten i Israel kyrkjeleiarar i Det heilage landet til mottaking ved årsskiftet. Også innanriksminister Ayelet Shaked deltok.
– Vi er alle born av Den allmektige Gud, den same Gud, og vi drøymer alle om ei betre verd ved å fylle den med fred, godleik, velvilje og nåde, sa Herzog ifølgje Times of Israel.
Han la til at dette er noko dei kan oppnå ved å vere sameinte av felles verdiar i staden for å splitte verda med skilnader.
– Som president i staten Israel er eg heilhjarta forplikta på å verne om fridom til å tru og tilbe for menneske av alle trusretningar i dette landet, heldt Herzog fram.
Han understreka at innanriksminister Shaked og han vil «stå sterkt imot alle former for rasisme, diskriminering eller ekstremisme».
Ber om dialog
Den gresk-ortodokse patriarken av Jerusalem, Theophilos III, responderte med at kyrkjeleiarane er særleg takksame for at presidenten står fast i forsvaret for det multikulturelle, multietniske og multireligiøse preget til religionen og «rettane til alle dei som kallar Det heila landet heimen vår».
Tidlegare i desember åtvara kyrkjeleiarar i området om at fellesskapa deira står i fare for å verte drivne ut av ekstremistiske israelske grupper. Leiarane tok til orde for dialog for å kunne verte verande.
Reiste til Nasaret
Før jul sa president Herzog ein del av det same då han gjesta Maria bodskapskyrkja i Nasaret i Galilea saman med kona Michal.
Det største juletreet i heile Midtausten er å finne akkurat der.
– Vi har forplikta oss overfor alle trusretningane i Det heilage landet. Må dei ha framgang og vekse, og halde fram med å slå røter, kjenne seg trygge og som ein del av staten Israel, sa Herzog ifølgje nettsidene til israelske styresmakter.
Han understreka at dei gjeld muslimar, kristne, jødar, drusarar og andre.
– Rett før jul og det nye året kjem vi med gode helsingar frå bodskapskyrkja, frå Det heilage landet, til heile verda. Det er ein bodskap om fred, ein bodskap om brorskap, ein bodskap om sameksistens, ein bodskap om krig mot hat og rasisme, sa Herzog.
Han kom også med ei helsing på arabisk.
– Berre på denne måten, frå ei djup felles tru på Skaparen, og ikkje noko mindre, ut frå trua vår på menneskeslekta, skal vi klare å skape for oss sjølve og heile menneskeslekta, den gode og lovande framtida som vi fortener, sa han.
Ros frå arabisk borgarmeister
Den arabiske borgarmeisteren i Nasaret, Ali Salam, rosa presidenten for det han kalla eit viktig besøk til Nasaret. Salam la vekt på at det skjedde rett før jul, høgtida som symboliserer fred og kjærleik.
– Vi har kjent kvarandre i mange år, og eg er sikker på at presidenten vil halde fram med å støtte heile den arabiske sektoren, slik han har gjort til denne dagen, sa borgarmeisteren.