FRIDOM: Suksessforfattar J. K. Rowling meiner ei ny lov trugar ytrings- og trusfridomen i Skottland.

J. K. Rowling protesterer mot ny hatprat-lov: – Arrester meg

Forfattaren får støtte frå Elon Musk og Joe Roagan i kritikken av skotsk lov.

Publisert Sist oppdatert

Måndag denne veka tredde den gjennomgripande lova i kraft. Kontroversane om lova er omtalte i mellom anna New York Times, BBC og The Guardian.

Siktemålet med lova er å styrke eksisterande lover mot hatkriminalitet, mellom anna mot rasisme som har vore forbode sidan 1986.

No er forbodet utvida til å omfatte fremjing av hat basert på alder, funksjonshemming, religion, seksuell orientering og forskjellige kjønnskarakteristika.

For at noko skal vere ei kriminell handling, må det vere trugande eller ha mål om å skade med mål om å fremje hat mot eit individ, som gir dei grunn til å skremme eller alarmere dei.

Fryktar for ytringsfridomen

Noverande førsteminister Humza Yousaf var justisminister då lova vart vedteken i 2021. Han understrekar at det er ein svært høg terskel for at menneske skal bli tiltalte for å bryte den nye lova.

Kritikarar meiner likevel at lova trugar ytringsfridomen i Skottland.

Mellom dei som reagerer er Harry Potter-forfattar J. K. Rowling.

I ein post på X omtalar ho ti kjende personar som har skifta kjønn frå mann til kvinne, men avsluttar med at dette er aprilsnarr - fordi det er opplagt at dei er menn.

Klar for arrestasjon

Då er det slutt på spøken. Forfattaren meiner lova er vidopen for misbruk av aktivistar som vil kneble slike som henne. Gjennom fleire år har Rowling gått i rette med at opplevd kjønn skal trumfe biologisk kjønn.

«Ytringsfridomen og trusfridomen er over i Skottland dersom ei presis beskriving av biologisk kjønn er vurdert som kriminell», skriv ho.

Dersom det ho har skrive er vurdert som kriminelt under den nye lova «ser fram til å bli arrestert» når ho kjem tilbake til Skottland der ho bur.

Tesla-eigar og tech-milliardær Elon Musk og kjendispodkastar Joe Rogan har også gått ut mot lova. Kritikarar meiner dei gjer dette fordi det er lønsamt å dyrke paranoia, ifølgje The National.

Avviser lovbrot

Førsteminister Yousef og fleire andre politikarar har forsikra om at ytringsfridomen er ivareteken. Dei meiner det har vore mykje feilinformasjon om kva lova faktisk forbyr.

Siobhian Brown, som er statsråd for offer og tryggleik i nærmiljø, seier at det er ein «svært, svært høg terskel» for kva som er kriminelt.

Postane til Rowling er ikkje vurderte som kriminelle, seier skotsk politi, ifølgje BBC.

Den kristne historieprofessoren Carl Trueman, som arbeider i USA, men kjem frå England, meiner lova byggjer på ein farleg logikk. I World Magazine omtalar han lova som vag og alt anna enn «rimeleg».

Strafferamme: Sju år

Innan onsdag var det kome over 3.000 meldingar til skotsk politi ut frå lova, ifølgje opplysingar til BBC. Rundt 2.000 av desse skal vere retta mot ein tale førsteminister Yousaf heldt i 2020 om kvite menneske i offentlege topproller.

Yousaf har pakistansk familiebakgrunn og er muslim.

Kritikarar av lova har uttrykt uro for at ho skal skal overvelde skotsk politi som allereie har kapasitetsproblem.

Strafferamma for lovbrot er på sju år.

Powered by Labrador CMS