PÅSKE: Jenny Bruvik (30) jobbar administrativt i Pinsekirken Tabernaklet.
Odd Mehus
Jenny (30) meiner kristne bør våga å gå inn i langfredagens alvor
Det er lett for at Jesu liding og oppstode druknar i appelsiner, kvikk lunsj, påskeegg, hytter og skistavar. Jenny vil snu trenden.
I Pinsekirken Tabernaklet i Bergen er mellom andre Jenny Bruvik ansvarleg for planlegging og gjennomføring av opplegget for påska.
Dei siste par åra har Tabernaklet hatt eit mål om å vekkja kyrkjegjengarane sitt totale spekter av kjensler knytt til Jesu pinsle langfredagen. Jesu lidingshistorie skal generera sorg, smerte og gråt, men også von, takksemd og livsglede.
På kveldstid langfredag opnar dei difor dørene til «en stemningsfull forestilling i skyggen av korset, der vi får kjenne på alvoret, smerten – og håpet», står det på nettsida deira.