KRITISK: Mange har vore snare med å avskrive Boris Johnson, men ein bør ikkje forhaste seg, skriv Dagen på leiarplass. Foto: Jessica Taylor, House of Commons via AP/NTB scanpix
Johnson som teikn i tida
Det er lett å kritisere Boris Johnson, men han bør få ein sjanse.
Med Boris Johnson som ny statsminister i Storbritannia er det ingen grunn til å vente at britisk politikk vert kjedeleg. Her må det skje mykje, det må skjer fort, og det skal skje i regi av ein mann som ein trygt må kunne kalle fargerik. På tre månader har han lova å utrette det som forgjengaren Theresa May ikkje fekk til i løpet av tre år: Å få Storbritannia ut av EU.
Johnson har Winston Churchill som sitt store føredøme og har også skrive biografi om denne ruvande statsmannen. Samstundes vert Johnson kalla ein britisk Trump, noko den amerikanske presidenten tydeleg var tilfreds med. Korleis kan dette henge saman? Samanlikningane er nok på same tid både litt treffande og nokså misvisande.
Som Churchill starta Johnson karrieren som journalist, og begge er kjende for store talegåver. Her er det ein skilnad til Trump. Same korleis ein måtte vurdere den sitjande amerikanske presidenten, er det få som vil karakterisere han som ein stor retorikar. Formatet til Churchill er likevel, trass hans høgst menneskelege sider, i ei særklasse.