– Jordskjelvet forsterkar kallet
Då eit sår på foten til Esther (5) aldri grodde, måtte familien Gillebo reise frå Lombok til Noreg. To dagar seinare kom jordskjelvet, som tok over 450 liv.
Trillekoffertane rullar mot dei ulike skrankane på Gardermoen. Sjølv om fellesferien er over, er mange framleis på reisefot. For dei fleste ventar eit solfylt latmannsliv. For Magnus Gillebo ventar eit rasert kriseområde.
– Eg er spent på kor mykje som i det heile tatt er igjen av flyplassen på Lombok. Dei fyrste dagane etter jordskjelvet stod folk i kø for å kome seg på eit av dei få flya som kunne ta dei med vekk frå øya, fortel han.
Han snakkar med roleg stemme, stødig blikk.
– Det kjennest likevel heilt rett å reise tilbake no. Eg er overtydd om at den freden eg har fått i meg for å gjere dette er frå Gud. Han vil at eg skal reise tilbake og hjelpe til.
Avgjerande sykkelskade
På nyttårsaftan reiste familien med tre barn på 1,3 og 5 år til Lombok i Indonesia for Ungdom i Oppdrag. Tidlegare har dei vore der i fire år.
Eigentleg skulle ikkje familien heim til Noreg i sommar. Men så kom foten til Esther (5) inn i bakhjulet på ein sykkel i slutten av mai. Ho fekk eit sår på foten som aldri blei heilt bra, trass behandling, operasjon og fleire antibiotikakurar. Etter samråd med lege og forsikringsselskap reiste familien derfor heim til Noreg for vidare behandling av såret. To dagar etter at dei landa, kom det første jordskjelvet.
– Eg og kona mi Janne har snakka mykje om det som skjedde. Vi vel å tru at Gud sende oss heim til Noreg for å spare oss for desse opplevingane, seier Magnus Gillebo.
Stor naud
Lombok ligg midt i den såkalla «Ring of fire». I dette området i Søraust-Asia skjer 80 til 90 prosent av alle jordskjelv i verda. Skjelvet som kom 5. august målte 7 på Richters skala.
– Vi har tidlegare opplevd både jordskjelv og vulkanutbrot, med ikkje så kraftig som no. Etter jorskjelvet har heile øya heva seg 25 centimeter. Det seier litt om kor voldsomt det er, seier Magnus Gillebo.
Fleire hundre tusen menneske er no utan ein heim. Behovet for mat, reint vatn og medisinar er stort. Fordi det har kome tre kraftige etterskjelv, tør ikkje folk å sove i husa sine. Dei søv heller under ein presenning eller under open himmel. Allereie før jordskjelvet var det vassmangel, no er nauda endå større.
– Folk er i sjokk og lever i redsle for stadige etterskjelv. Det er enorme øydeleggingar og nauda er stor. Bygningane er enkle, dei er bygde for å tole regn, ikkje jordskjelv, fortel Gillebo.
Hus i ruinar
Framsida av huset til familien har rasa saman. Minst halvparten av husa i gata deira er heilt øydelagde. Når Magnus Gillebo kjem ned, skal han møte ein seismologisk ekspert som skal vurdere om dei kan fortsette å bu i huset.
Han fortel om venner som låg og sov og måtte flykte ut av husa med barna då skjelvet kom. Enkelte klarte ikkje å kome seg unna då tak og veggar måtte gi etter.
– Fleire gode venner av meg har mista barn og nevøar. Dei lokale er hardast råka. Vi kjenner også mange vestlege som ikkje er ramma fysisk, men er traumatiserte, fortel Gillebo og legg til:
– Korleis det står til med huset vårt er ein bagatell samanlikna med korleis vennene våre som har mista eit familiemedlem har det, seier Gillebo.
Hjelpekonto
Gillebo er glad for at han har eit godt team rundt seg som no driv naudhjelp. Ekteparet jobbar offisielt i eit medieselskap, som blant anna driv med bibelomsetjing og økoturisme. Det vanlege arbeidet er sett på vent. No handlar alt om å skaffe mat, reint vatn, teppe og presenningar.
Familien har oppretta eit kontonummer for dei som ønskjer å hjelpe.
– Sjølv nokre små kroner herifrå når veldig langt på Lombok. Ingen ting går til administrasjon, men vi ønskjer å sørgje for at folk får det mest nødvendige, som vassfilter, forklarer han.
Gud i krise
– Korleis skal du klare å snakke om Gud til folk som har mista alt?
– Det blir ikkje lett. Eg veit ikkje kva eg skal seie, men eg skal førebu meg på korleis eg kan handtere traumatiske opplevingar. Eg skal sette meg ned med folk og høyre på historiene deira. Dele ut mat, drikke, teppe og vassfilter. Rett og slett vise evangeliet gjennom gjerningar, seier Gillebo
– Kva skjer med tilbakereisa for resten av familien?
– Familien kjem ned så snart det går. Det er avhengig av kva tid foten til Esther blir heilt god, korleis huset ser ut og om det kjem fleire etterskjelv. Det kan bli snakk om fleire månaders utsetting. Vi har vore der i fire år og har lyst til å vere der i fleire år framover.
Styrkte, ikkje svekte
Trass det øydeleggjande jordskjelvet, kjenner Magnus Gillebo og kona Janne Susort Gillebo på det same: Kallet deira er ikkje svekt.
– Jordskjelvet forsterkar det kallet vi har. Vi er ikkje naive og vil ikkje ta unødvendig risiko, men ønskjer å vere til hjelp for dei lokale.
Dagen møtte Gillebo rett før avreise onsdag morgon. Fredag kom han til Lombok. Når vi snakkar med han rett etter han har vore og sett på huset til familien, fortel han dette:
– For meg har det vore godt å vere tilbake blant folket som eg er så glad i på Lombok. Men samtidig er det vondt å sjå kor mykje som er øydelagt og den vanskelege situasjon mange er i. Mange er fortvila og kjenner seg hjelpelause. Eg håpar og ber til Gud om at eg kan vere med på å spreie lys der det er mørke, og at eg kan gi folk håp der dei berre ser fortviling.