Jubel i NMS: Treng ikkje følgje kommunen si tilråding. Sparer 20 millionar
Stavanger bystyre skrotar kommuneadministrasjonen si tilråding om kostbare endringar på det nye VID-bygget i Misjonsmarka.
– Det er fantastisk. Me har venta på det, seier generalsekretær Helge S. Gaard i Det Norske Misjonsselskap (NMS).
Han er glad for siger i Stavanger bystyre 27. mai.
Var ikkje førebudd
Det var i april at kommunedirektøren i Stavanger kom med si tilråding om å endra det nye undervisningsbygget til VID vitskapelege høgskule i Misjonsmarka.
Bygget er eigd av Misjonsselskapet sitt eigedomsselskap, NMS eigedom.
I tilrådinga ville kommunedirektøren at NMS eigedom skulle kappe den øvste delen av nordveggen.
Undervisningsbygget skulle også vere opent for allmenta mellom klokka 07:00 og 23:00, slik at alle som ville kunne bruke vestibylen som snarveg.
Endringane ville kosta ein stad mellom 14 og 20 millionar, meinte NMS Eiendom.
– Eg blei litt undrande, seier Gaard i ettertid.
– Det var tredje gongs behandling nå, så at kommunenadminstrasjonen kom med denne tilrådinga så seint var veldig overraskande.
Politikarane avviste kommunerådet
Dei folkevalde i kommunen står likevel fast ved vedtaka sine.
2. mai vedtok fleirtalspartia i Utval for by og samfunnsutvikling (UBS) å skrote kommuneadministrasjonen sitt forslag.
27. mai vedtok eit einstemmig Stavanger bystyre å følgje UBS si innstilling.
– Det er viktig å skape føreseielegheit på det me har vedteke i fleire omgangar, sa Kjartan Alexander Lunde i Venstre under behandlinga 27. mai.
– Blir det feiring i NMS nå, Helge Gaard?
– Nei, berre vanleg lunsj, seier generalsekretæren, som håpar han kan sette punktum for byggjestriden nå, fire år etter Dagen skreiv om utbygginga for første gong.