IMPERIUM: Dronning Elizabeth fotografert under det britiske samveldets dag i fjor.
Steve Parsons / AP / NTB
Dronning Elizabeth jubilerer med Jesus som inspirasjon og anker
Gudsteneste er ein sjølvsagd post på programmet når britane denne helga feirar 70 år med dronning Elizabeth på trona.
Sjølve åremålsdagen for at ho vart monark var i februar, men markeringa skjer frå torsdag til søndag denne veka. Ein spektakulær parade i London, tente fyrtårn over heile Storbritannia og i hovudstadane i Det britiske samveldet, hesteveddeløp og tv-send jubileumsfest med frå Buckingham Palace med ein drøss av stjerner fyller dagane.
60.000 britar har meldt seg som vertar til store og små jubileumslunsjar. Over ti millionar personar er venta å delta.
Ringjer i den største klokka