Juleevangeliet er truverdig
Jostein Andreassen går på kortfatta, men dokumentert måte gjennom dei historiske spørsmåla knytt til Lukas og Jesu fødsel.
I mange heimar og andre samanhengar vert juleevangeliet les på julekvelden eller på andre tidspunkt i julehelga. Dei fleste av oss grublar vel ikkje så mykje på historisiteten i det vi les, eller om det er truverdig.
Vi les det og tek det til oss. Dei som ikkje les juleevangeliet, har vel lite eller ikkje forhold til det. Det kan likevel vera greit og stopp opp for om det verkeleg skjedde det juleevangeliet fortel, om det er truverdig.
«Den historiske Jesus»
Lenge var det semje om at det som vert fortalt om Jesu fødsel, er sant, men i 1835 kom det ut ei tysk bok som var svært kritisk til det som evangelia fortel om Jesus.
Denne boka sette sterke spor i delar av fagteologien. Det kom ei teologisk skuleretning som tala om «den historiske Jesus», og han var ikkje slik Bibelen fortel i eitt og alt.
Her i landet vekte det stor debatt då professor Jacob Jervell på 1960-talet nekta for jomfrufødselen, og hevda at Jesus vart fødd i Nasaret.
Klasse for seg
Jostein Andreassen er ein teologisk og historisk «nerd» med tanke på truverde og historisitet, og han tek opp ulike typar spørsmål.
Han har gitt oss eit lite hefte der han undersøkjer om vi kan lita på historisiteten i det Lukas skriv, og med det om juleevangeliet er truverdig. Den gjennomgangen viser at Lukas er svært påliteleg i historiske spørsmål.
Det er ikkje funne nokon feil i det han skriv, men stadig fleire detaljopplysningar vert stadfeste, både i evangeliet og i Apostelgjerningane. Som historikar på si tid stiller han i ein klasse for seg sjølv.
Andreassen går på kortfatta, men dokumentert måte gjennom dei historiske spørsmåla knytt til Lukas og Jesu fødsel. Han skriv også om Betlehemsstjerna og astrologien knytt til denne. Det heile er illustrert med aktuelt biletstoff.
Eg finn alt dette lærerikt og oppbyggeleg – og utapå det heile kan vi leggja at Lukas formidlar openberring frå himmelen, og denne er alltid påliteleg.