SPOR AV GUD: Når Sverre Olai les juss, tar han seg ofte i at han finn spor av Gud der.
Bjørn Olav Hammerstad
Jusstudenten Sverre Olai (22) har alltid med Bibelen på lesesalen
Jusstudenten snakkar meir enn gjerne med andre om tru - og om synd.
Sverre Olai Knardal har eit stramt program, men har sett av tid til å bli intervjua. Han var seint i seng kvelden før etter å ha bada saman med gode vener frå Lagskollektivet I.
Klokka 16.00 er han leiar på Alphakurs, og same kveld skal han og fleire hundre studentar på «Velkommen til Bergen».
Knardal skal stå på stand for Betlehem Unge vaksne og oppmuntre nye studentar til å finne seg ein åndeleg heim.