Kalla til å «gå» på tenåringsleir
Festivalen var tidlegare retta mot unge kristne. I dag er målgruppa tenåringar, som finn sitt kall, og styrkjer ungdomsarbeidet i lokalkyrkja.
Denne veka vert Ufestivalen skipa til på Hedmarktoppen folkehøgskule på Hamar. Den nasjonale festivalen er ei årleg hending i regi av pinserørsla i Noreg.
– Denne festivalen har pinsevennene halde på med i over 40 år. Den har endra seg ein del, frå å vere ein festival for både unge og vaksne, til å rette seg inn mot tenåringar. Festivalen er kanskje på mange måtar meir ein stor leir enn ein festival, fortel Sandra Bjørnø, festivalsjef for Ufestivalen og ungdomspastor i Pinsekirken Tabernaklet i Bergen.
Bjørnø har no vore festivalsjef i fem år, og var sjølv med som deltakar då ho var tenåring.
– Ved fleire tilstelningar av denne festivalen, har eg vore vitne til at folk har vorte kalla til teneste for Jesus. Han vil alltid vere i sentrum av det vi driv med. Grunnen til at eg er med, er at eg ser verdien av at ungdomane har fått møte Jesus, og i dag lever i det dei vart kalla til.
Byggjer kyrkja
Temaet for Ufestivalen er «Gå».
– Målet er å hjelpe ungdomar til å få ei utvida forståing av kva misjon er for noko. Alle som er etterfølgjarar av Jesus, er kalla til å «gå». Vi ynskjer å løfte fram temaet, utan å avgrensa det til misjon ute i den store verda.
Ufestivalen er til for å byggje kyrkja både lokalt og nasjonalt, ifølgje Bjørnø. Festivalsjefen vonar tenåringane får oppleve å få eit kall for livet.
– Vi gjer ikkje dette berre fordi det er kjekt med festivalar. Verdien ligg i at ungdomane tar viktige val, er delaktige under festivalen, og byrjar å engasjere seg når dei vender heim att til si lokale forsamling.
Nasjonalt lovsongsteam
– Radiate har no leia lovsongen i tre år, men denne gongen ynskjer vi å løfte fram nye stemmer også. Lovsongsgruppa som skal spele, er sett saman av lovsongsleiarar frå heile landet. Det er første gong vi har eit såkalla nasjonalt team, seier Bjørnø.
Møtene føregår på morgonar og kveldar. I tillegg vert det såkalla fellessesjonar, der ein går djupare inn i tema som vert tekne opp under møta.
– Det vert ein velprodusert gjennomgong, der vi vil lytte til intervju, songar, og sjå film. Sesjonane vil ha eit litt «talkshow–aktig» preg, seier Bjørnø.
Dei arrangerer «bykamp», der alle byane i Noreg konkurrerer om å verte Noregs beste by, ifølgje Bjørnø.
– Og på kvelden steller vi i stand utescene, med varierte innslag innan musikk og underhaldning.
Det vert også sett opp buer, der gjestene kan kjøpe mat og drikke.
Tok i mot Jesus
– Har du eit minne frå tidlegare, som du hugsar særskild godt?
– I fjor hadde vi temaet «Frihet». Då fekk dei, som hadde teke eit val om å følgje Jesus, mogleiken til å skru inn lyspærer i ein vegg – som eit symbol på den nyfunne frelsa. Pærene på veggen lyste opp ordet «frihet», og det vart forsterka, jo fleire pærer som vart skrudde inn.
170 ungdomar tok i mot Jesus under festivalen den gongen.