– Kampen mot vindkraft er blitt reine religionen
Arne Nordbø, lærar og bedehuskomikar, meiner det sterke engasjementet byggjer på kjensler, ikkje på fakta. - Han bommar, meiner styreleiar i Motvind.
Vindmøllestriden er trappa kraftig opp dei siste åra. Ordskiftet kan vera hardt, og mange motstandarar er villige til å ta i bruk sterke verkemiddel for å stansa det dei ser på som ei rasering av norsk natur.
Fremst i kampen står organisasjonen Motvind, som driv aktiv rekruttering av medlemmer i sosiale medier. Før helga var medlemstalet kome opp i 16.600. 5.000 nye er komne til i løpet av sommaren. Som så mange andre fekk Arne Nordbø ein invitasjon til medlemskap på Facebook. Han leste først kva organisajonen stod for og blei meir og meir overtydd om at han var «ganske så medvind».
Med eit glimt i augo sier komikaren, som er godt kjend for eit større publikum i Rogaland og særleg innanfor det kristelege segmentet, at kampen mot vindmøller i ein sum handlar om noko folk ikkje likar å sjå på eller høyra lyden av.
- Eg blir dårleg av å høyra på jazz, men har ikkje tenkt å be staten stansa jazzmusikarane, seier han.
Saknar fakta
Nordbø, som er utdanna elektrikar og til dagleg er lærar er vidaregåande skule, meiner vindkraftmotstanden botnar i kjensler og estetikk, ikkje harde fakta.
- Du må gjerne vera imot vindmøller, og poenget er ikkje om eg er for eller imot. Men då må du visa meg reknestykket ditt. Eg vil slå eit slag for Pytagoras, Arkimedes og Newton. Kjekke karar, som er gløymt i denne debatten, meiner Nordbø og viser til tre av dei mest kjende namna i matematikkfaget.
- Eg likar ikkje diskusjonar om kor lang ein meter er, spissformulerer han.
Han har merka seg at mange i vindkraftmotstanden er høgt utdanna folk, «men kva er vitsen med å læra seg rekning, dersom du ikkje brukar det du har lært?».
- Motstandarane av vindkraft argumenterer for ei betre utnytting av vasskrafta?
- Eg saknar ei realistisk og faktabasert tilnærming til spørsmåla om korleis vi skal dekka vårt framtidig energibehov dersom vi samtidig skal gå over til ein energiproduksjon som i støre grad er basert på fornybare ressursar.
Han syner til at det totale energiforbruket i Noreg i 2019 var på 240 terrawattimar.
– Av dette kom 140 terrawattimar frå fornybar kraft. Dei mest optimistiske seier me kan få opp mot 30 terrawattimar meir ut av vasskrafta, dei mest pessimistiske seks. Med andre ord: Dette løyser ikkje problemet.
Har motstandarane ein plan?
Hans spørsmål til vindkraftmotstandarane er difor:
– Kva er planen? Å halda fram med å brenna olje? Det er ikkje noko problem, for vi har meir enn nok å ta av i lang tid frametter. Men korleis heng dette saman med argumentet om at kampen mot vindmøller er ein miljøkamp?
- Det er ikkje ein miljøkamp, slik du ser det?
- Nei, det er naturvern basert at naturen skal sjå ut akkurat slik han har sett ut. Men at folk døyr av foureining i byane, har ingenting med naturvern å gjera. Vindkraftmotstandarane sin store tabbe er at dei har teke seg til rette på miljøvernet sine vegne, seier Nordbø, som sjølv er oppteken av klimaspørsmålet og kjend som elbilentusiast.
- Korleis vil du definera naturvern-synet til vindkrafftmotstandarane?
– Det handlar om utsiktene til byfolk når dei skal på ferie. Det har ingenting med berekraftig utvikling å gjera, men er heller ein slags panteisme (naturreligon, red.mrk.) Dei vil ikkje sjå vindmøllene, fordi dei meiner dei er stygge. Men setja seg ned og rekna, vil dei ikkje, svarar Nordbø, lettare oppgitt, men med humøret intakt.
- Det minner meg om debatten om musikk i kristen samanheng i gamle dagar, føyer han til.
– Mykje er blitt synd
Nordbø seier han som lærar prøver å få elevane til å tenkja rasjonelt når dei skal ta val: Kva konsekvensar har det at eg gjer det slik eller slik? Dette er tenkjemåtar han i liten grad finn hos vindraftmotstandarane. Tvert imot opplever han at vindmøllekampen er i ferd med å ta religiøse former og at det for mange er blitt eit trusspørsmål.
- Det er mykje som er blitt synd etter at det blei lov å dansa, smiler han.
– Medan bedehusfolket har redusert talet på synder, er det blitt meir synd og skam i resten av samfunnet. Tenk om ein avhaldsmann på Sunnmøre byrja å sabotera arbeidet til dei tilsette på Vinmopolet. Forresten har avhaldsmannen betre talbelegg for alkoholens skadeverknader enn vindkraftmotstandarane har for følgjene av vindmøller. Eg har streng tatt ikkje sett at dei har eit einaste interessant tal å koma med.
– Vanvittige kjensler
I fjor kom ein studie publisert i det medisinske tidsskriftet European Heart Journal, som konkluderte med at 8,8 millioner menneske døyr for tidleg kvart år som følgje av luftforureining.
- Slik tal vil ikkje vindkraftmotstandarane forhalda seg til, meiner Nordbø.
- Vindmøller drep fuglar?
- Legg ned vegane. Dei drep folk, polemiserer Nordbø tilbake, før han etterlyser dokumentasjon på kva fugleartar som er truga.
– Eg er sjølvsagt ikkje for å setja opp vindmøller i sårbare område, der utrydningstruga fugleartar hekkar og så vidare. Det er heilt opplagt at me ikkje skal ha vindmøller alle moglege stader. Men då får me diskutera det sakleg. Når du skal montera ein ny lampe i stova og du står klar til å skru den opp, så seier gjerne kona at ho heller vil lampen på ein annan vegg. Javel, så finn de ut av det. Det må gå an i vindmøllebatten og, slik det har vore i all annan politikk. Men det er vanskeleg når kjenslene tek overhand.
– Det forundrar meg at vindmøllekampen mobiliserer slike vanvittige kjensler, medan me til dømes byggjer ned matjord så det syng etter. Kvar er perspektiva hos desse folka? spør Nordbø.
Argumentet om at vindmøller drep insekter, har han problem med å ta på alvor.
- Som komikar trudde eg først at det var ein spøk då eg såg at dette blei trekt fram. Eg veit jo korleis frontruta ser ut når ein kjører bil i Finnmark, seier han.
Saknar folkeskikk
På eitt punkt har han forståing for deler av kampen mot vindkraft. Nordbø har sett nokre stygge døme på kommersielle utbyggjarar som tydelegvis berre er ute etter profitt, og som ikkje har respekt for lokalsamfunnet.
– Ein god vindkraftutbyggjar må gjera som andre større industribedrifter som har etablert seg i Distrikts-Noreg, gje noko tilbake. Dei må betala skatt, byggja fotballbaner, symjehallar eller gje fine gevinstar til basaren. Eg har ingen sans for ein vindindustri som kjem valsande inn eit lokalsamfunn og som manglar folkeskikk, seier han.
Medan vindkraft-tilhengjarar er blitt skjelt ut, sjikanert og i nokre tilfelle truga på livet, har Nordbø opplevd ein forholdsvis avdempa debatt etter at han gjekk ut på Facebook sist veke. Torsdag ettermiddag var talet på kommentarar kome opp i nærare 160. Sjølv likar han best denne kommentaren, som blei lagt ut onsdag:
«Nå har jeg lest alle 124 kommentarene. Og interessant nok er det ingen av de kommentarene som er mot vindkraft som kommer med fakta eller forskning. Det gjør derimot du Arne. Det liker jeg.»
Meiner Nordbø bommar stygt
Styreleiaren i Motvind meiner Arne Nordbø bommar stygt i sin omtale av den norske vindkraftmotstanden.
- Han teiknar ein karikatur av oss, seier Eivind Salen.
Til liks med Nordbø er han lærar og komikar, og frontfiguren i Motvind skulle gjerne møtt sin meiningsmotstandar til open debatt.
- Då trur eg han ville kome til kort, antyder Salen, som leiar ei rørsle med kraftig vind i segla. Berre i løpet av sommaren er det kome til 5.000 nye medlemmer.
- Vi hadde aldri klart å mobilisera på dette nivået dersom det er slik Nordbø seier, at engasjementet er basert på kjensler og fordi folk vil at naturen skal sjå ut akkurat som den har gjort. Denne kampen stikk mykje djupare enn som så. Dersom Nordbø vil ha fakta, så skal han få det, seier Salen.
- Er Motvind mot absolutt all vindkraftutygging?
– Energipolitikken i Noreg er komen ut av kontroll. Difor må det vere bråstopp. Det må ei storreingjering til. Det er gitt 96 konsesjonar, og 90 av dei er djupt kontroversielle. Vi treng ikkje vindkraft i Noreg. Det er på kontinentet dei treng det. Me har kraftoverskot og kan få mange fleire terrawatttimar ut av eksisterande vasskraft.
- Kvifor er det så sterke kjensler i denne debatten?
- Svaret på det er samansett, og dette er ein djup verdikonflikt. Nokre stader handlar det om urfolks rettar, ein annan stad om rasering av området for Europas viktigaste fugletrekk. Når folk får eit digert vindkraftverk som næraste nabo, blir verdien på bustaden redusert med fleire hundre tusen, og lyden frå turbinane kan gå ut over nattesøvnen. Det er høgst forståeleg at folk reagerer, Salen.
Han trur at mykje av motstanden botnar i noko av det Nordbø er inne på. Folk reagerer instinktivt og sterkt på at utanlandsk kapital utnyttar norsk natur utan at det i særleg grad kjem lokalsamfunna til gode.
- Inntektene til kommunane er små og ulempene store, medan folk blir steinrike langt unna. Eg reiser land og strand og opplever at dette kanskje er hovudgrunnen til den folkelege motstanden, seier styreleiaren i Motvind. DAGEN