KYRKJELEG SKULE: Tidlegare statsminister Boris Johnson helsar på elevar ved Westbury-On-Trym Church of England Academy i Bristol i 2021. Dagens statsminister vurderer å gje større fridom til religiøse skular.
Steve Parsons, AP / NTB
Kan bli lov å avvise ikkje-kristne elevar
Den britiske regjeringa vurdere å avskaffe ein regel som pålegg kristne skular å ta opp minst 50 prosent elevar frå andre trusretningar.
I dag er trusbaserte skular i Storbritannia pålagt å tilby minst halvparten av elevplassene til elevar som ikkje tilhøyrer trusretninga som skulen er bygd på.
Regelen blei innført då noverande utanriksminister David Cameron var statsminister.
Målet var å fremje inkluering og mangfald også i dei kristne privatskulane.