TØFF KAMP: – Vi som er leiarar, står i ein ganske tøff kamp i oppgjeret med det som er vranglære og som splittar kristenfolket og kyrkja. Hallaråker sitt utspel er ikkje akkurat den oppbakkinga som vi trengte akkurat no, seier Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet.
Bjørn Arild Hatlem
Kan oppfordra bedehusfolket til å forlata kyrkja
Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet er på nippet til å tilrå folk å forlata Den norske kyrkja. Forgjengar Karl Johan Hallaråker rosar derimot Bispemøtet.
Fredag gjorde Bispemøtet kjent sitt felles vedtak til støtte for at det skal utarbeidast liturgiar for ekteskapsinngåing mellom likekjønna par.
LES: - Situasjonen er ytterst krevende
Tysdag gjekk Karl Johan Hallaråker ut med «stor honnør» til biskopane for «deira kloke råd» i homofilisaka. Til Vårt Land seier Hallaråker at han «vektlegger de positive sider ved Bispemøtets forslag, momenter som er med på å verne klassisk teologi og ekteskapsforståelse i Den norske kirke.»