Kjenner tomrom etter reist familie
Besteforeldra i den såkalla Naustdal-saka synest det framleis det er uverkeleg at etterkomarane i nabohuset skulle sjå seg nøydde til å flytte til Romania.
Forsommaren har gjort Redal lysande grøn og frodig frå fjøre til fjell. Den vesle bygda i Naustdal kommune har utsikt mot Svanøy, som vart eit dynamisk senter for venene til Hans Nielsen Hauge, og har sjølv haugiansk arv.
Eit år er gått sidan dei fem barneborna til Magny Rose og Audun Håland vart tilbakeførte etter ein avtale med kommunen. Då barnevernet henta borna utan forvarsel eit drygt halvår tidlegare, spreidde nyheita seg raskt internasjonalt og utløyste omfattande protestar.
– Det er heilt uverkeleg. Eg forstår det ikkje enno, seier Audun Håland om det familien har opplevd.
Omfattande oppussing
Besteforeldra tek imot Dagen saman med dottera Inger Elisabeth Baunedal i gamlehuset på garden som familien har hatt i generasjonar. Det var her den neste eldste dottera deira budde saman med den rumenske ektemannen sin og dei fem borna. I fjor sommar reiste dei til heimlandet hans på ferie. Der valde dei å bli verande.
I eit brev til kommunen skreiv dei at det var «umulig for oss å leve med Naustdal barnevernstjeneste som en altomfattende og alltid tilstedeværende faktor i våre liv».
LES: – Barna våre vil ikke tilbake til Naustdal
– Det dei hadde bruk for var fred og ro, men det fekk dei ikkje, seier bestefaren.
Han fortel at dei opplevde oppfølgjinga frå barnevernstenesta etter tilbakeføringa som invaderande og lite hjelpsam.
Arrangerte husmøte
No bur Inger Elisabeth Baunedal i huset saman med ektemannen og dei tre borna deira. Ho viser oss rundt i dei tre etasjene der svogeren har gjort omfattande oppussingsarbeid med hjelp frå rumenske vener. I den nyrenoverte kjellaren var planen å halde fram med «Bibel og bøn», samlingar som dei hadde kvar søndag.
– Her hadde han laga til for å henge opp projektor, fortel ho og peikar på ein stikkontakt oppunder taket.
Mange av tinga til familien står framleis igjen, som eit piano og ein del leiker. For knapt ein månad sidan fekk ekteparet sitt sjette barn i Romania.
LES: Psykolog ser ikkje poenget med rettssak
Svekt tillit
Det kom som eit sjokk at barneborna til ekteparet Håland vart henta. Dei to eldste jentene kom ikkje heim frå skulen, dei to neste gutane vart henta i heimen. Dagen etter vart babyen på tre månader teken ut av armane til mora av barnevernspersonell som var følgde av tre politifolk. Det skulle gå sju månader før heile familien var samla igjen.
– Eg er imponert over kor godt foreldra takla det, seier Audun Håland ved matbordet i stova som er dekt til lunsj.
Dei tre fortel at dei i storfamilien har eit omfattande nettverk. Mellom desse er det også helsepersonell, juristar og ein tilsett i barnevernet ein annan stad i landet.
– Når vi kjende oss så makteslause, korleis er det då for dei som ikkje har eit slikt nettverk, spør Magny Rose Håland.
Kritisk psykolog
Utgangspunktet for at barnevernet greip inn, var ei bekymringsmelding om såkalla oppdragarvald på bakgrunn av ting ei av jentene hadde fortalt på skulen. Foreldra erkjente mellom anna i intervju med BBC at dei hadde brukt fysiske metodar for grensesetjing, men avviste at dei hadde gjort det kvar gong borna gjorde noko gale eller at det skjedde på måtar som skada dei.
Psykologstpesialist Einar Salvesen har lang erfaring som sakkunnig i barnevernssaker og har engasjert seg for Naustdal-familien.
– Det var all grunn til at barnevernet reagerte på bakgrunn av denne mistanken. Eg ville også gjort dette om eg var barnevernleiar. Oppdragarvald kan vere alvorleg på mange måtar. Det eg er kritisk til, er reaksjonsmåten til barnvernet. Ein burde gå inn med faglege råd og hjelp, sa Salvesen til Dagen i fjor, fleire månader før det var klart at borna vart tilbakeførte.
– Denne saka er så sår og hjarteskjerande at det nesten ikkje er til å halde ut, sa psykologen.
LES: Slaktar barnevernet i Naustdal-saka
Rettssak
Parallelt med barnevernssaka innleia politiet etterforsking. Det vart teke ut tiltale om oppdragarvald gjennom fleire år. Foreldra erkjende delvis straffskuld etter tiltalen, men møtte ikkje til rettssaka i januar.
– Lova i Noreg er veldig klar til minste detalj at det ikkje er tillate å bruke noka form for fysisk tilrettevising, og vi har ikkje vore klare over at det har vore så strengt, hadde mora sagt tidlegare til BBC.
– Ugjenkjenneleg
Besteforeldra og tanta til borna har framleis vanskeleg for å skjøne framgangsmåten og tidsbruken til barnevernet.
– Dei snakka ikkje med oss som kjenner familien, seier Inger Elisabeth Baunedal.
– Skuldingane er ei gåte for meg, seier Audun Håland.
Gjennom vindauget bak han synest gardsbygningar, markar og vegen som skråar oppover mot tunnelen i fjellsida og går innover mot Naustdal sentrum.
Håland viser til at familien budde hos besteforeldra rett over tunet eit halvt år medan dei pussa opp i gamlehuset. Han er uforståande til at det blei skapt eit inntrykk av at foreldra utøvde vald på dagleg basis.
– Vi verken såg eller høyde noko, og borna sa aldri noko. Eg kan knapt hugse at foreldra snakka strengt til dei.
Han legg ikkje skjul på at dei to eldste jentene kunne vere utfordrande og finne på mange sprell, men var livsglade, positive og kreative.
– Vi saknar dei, seier han stille.
Opplever støtte
Besteforeldra fortel at dei har opplevd mykje støtte i lokalsamfunnet og også frå framande som har teke kontakt.
– Vi kjenner mykje folk i Naustdal. Alle som tek kontakt med meg, synest vi er blitt urettferdig handsama, seier Audun Håland.
Fleire har hatt vanskeleg for å tru at dette kunne skje.
– Det er to ting som er fullstendig gale. Det eine er lovene som tillet at barnevernet kunne gjere det dei gjorde. Det andre er når du har personar i barnevernet som ikkje er eigna til å ha dette ansvaret. Har du berre den eine faktoren, kan det gå bra. Men her i Naustdal hadde vi begge, seier bestefaren.
– Eg ser at vi treng eit barnevern, men det fungerer ikkje rett i dag. No legg det opp til å skape eit angivarsamfunn, der ingen barnefamiliar lenger kan føle seg trygge, legg han til.
Kona meiner det trengst eit barnevern som i praksis fungerer meir som ei hjelpeteneste.
– Eg trur mange er redde for barnevernet, seier ho.
LES: Nå er hele Naustdal-familien samlet igjen
Kritiserer ideologi
Bestemora meiner barnevernet er drive av ein ikkje-kristen ideologi.
– Ein har ikkje syn for familien som Guds skaparordning, seier ho.
Ho fortel at far hennar i si tid sat sju år som formann i den dåverande ordninga for barnevern i Førde. Tilliten dei hadde til barnevernet, er kraftig rokka ved.
Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal har uttalt seg på vegner av barnevernstenesta i kommunen. Han har forsvart kompetansen til medarbeidarane og dei faglege vurderingane som vart gjort, mellom anna overfor Dagen. Han har også understreka at dei er opptekne av tverrfagleg samarbeid og avvist at det gjekk prestisje i saka.
– Vi tek ikkje sjølvkritikk i denne saka, sa Bang-Olsen til NRK.
Ein tok likevel initiativ til tilsyn frå Fylkesmannen som vil sjå nærare på delar av Naustdal-saka. Så langt er det ikkje kunngjort noko resultat.
Religiøs dimensjon
Mange støttespelarar har hevda at den tydelege kristentrua til familien ligg bak at barnevernet greip inn. Advokat Roger Kiska ved Christian Legal Centre i London, som har klaga saka til familien inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen, hevdar at handteringa har vore gjennomsyra av religiøse og kulturelle fordomar, som Dagen skreiv i april.
LES: Mener kristenskepsis drev barnevernet
Rådmann Øyvind Bang-Olsen svarte at lova ikkje gir tilgang til å gripe inn på religiøst grunnlag.
Bestefaren meiner trua til familien er blitt oppfatta som eit problem gjennom saka.
– Det er ei blanding av fleire ting, men eg er ikkje i tvil om at det religiøse spelte inn, seier Audun Håland, som har vore leiar i Førde Pinsemenighet.
Uklart med garden
Tanken var at familien som flytta til Romania, skulle ta over gardsdrifta. No er det uklart kva som skjer.
På veggen i stova heng eit bilete av dei fem dotrene til ekteparet Håland. Ekteparet synest det er tungt å tenkje på at dei ikkje veit når og om den nest eldste vil kome til Naustdal igjen, om så berre på besøk.
– Det er vanskeleg å verte fortruleg med at dei er reiste, seier Magny Rose Håland.
Før jul vitja dei etterkomarane i Romania, men det er ein stor skilnad å ikkje ha dei rett over tunet lenger. Å trakke seg over den gruslagde vegen mellom husa tek mindre enn eit minutt.
– Tør dei ikkje kome tilbake?
– Dei kjenner seg vel utrygge og veit ikkje heilt korleis det vil gå om dei kjem igjen. Men vi håper dei kjem, seier bestemora.
Frå garden hellar jorda slakt nedover mot Førdefjorden som ligg flat og gråblank under den lettskya himmelen. Svigersonen er bygut frå Bucuresti, men var blitt glad i å drive både fiske og hjortejakt.
LES: Når er det greit å gripe inn?
Håper å høyre
I dag kjem to av dei rumenske toppolitikarane som kom til Naustdal i fjor for å vise støtte til familien, til hit til landet igjen. Saman med familiemedlemer som bur i Noreg, skal dei motta ein familiepris frå Kristen Koalisjon ved Jan-Aage Torp og Finn Jarle Sæle. Det vert overført på TV Visjon Norge.
– V håper det familien har vore gjennom, blir vendt til det beste for dei og for mange fleire, seier Magny Rose Håland.