Klagar VGTV inn for PFU etter «Homoterapi»
Espen Ottosen klagar Morten Hegseth og VGTV inn for PFU for brot på journalisten sin uavhengigheit.
Dei siste månadene har det vore ein intens debatt kring eit forslag i Stortinget om å forby såkalt homoterapi.
I november publiserte VGTV ein sju episoder lang dokumentarserie kalla «Homoterapi med Morten Hegseth», kor Morten Hegseth intervjuar personar som har blitt utsett for det dei meiner er homoterapi.
I serien er Hegseth også på Stortinget snakker med familie- og kulturkomiteen om tematikken. Her vil han vite kven som ønsker eit forbod.
I etterkant av serien deltok Hegseth i fleire debattar, mellom anna med informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Espen Ottosen. I dokumentarserien er Hegset gjest i podcasten til Ottosen og generalsekretær i NLM, Øyvind Åsland.
Både journalist og aktivist
I debattane på NRK og TV 2 har Morten Hegseth fronta sitt eige syn i saka, og nettopp det er grunnen til at Espen Ottosen har sendt inn klage til Pressens Faglige Utvalg mot Morten Hegseth og VGTV.
– Då Hegseth intervjua meg i oktober opptredde han som journalist, og understreka at han oppriktig ynskja å få fram min ståsted på ein fair måte, men då serien kom ut var det tydeleg at han pendla mellom rollene som nysgjerrig journalist og politisk aktør, seier Ottosen til Dagen.
Han klagar Hegseth og VGTV inn for brot på punkt 2.2. i Ver Varsam Plakaten, som seier at; «Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.»
Ottosen skriver mellom anna i klagen at: «Sjølv opplevde eg altså at den personen som intervjua meg om eit saksfelt i oktober var min motdebattant i to tv-debattar i november. Og i rolla som debattant var ikkje Hegseth opptatt av å forsvare innhaldet i tv-serien. Det var sjølve saksfeltet som vart debattert og Hegseth kom med sterk kritikk av min ståstad. Så langt eg kan forstå er dette å innta ei dobbeltrolle, og journalisten sår dermed tvil både om sin uavhengigheit og truverd.»
Ynskjer grundig behandling
Ottosen er klar på at han ikkje sender inn klagen for å forlenge debatten om homoterapi, men fordi han ynskjer rett merksamd på dei presseetiske reglane.
– Normalt så er Hegseth underhaldningsjournalist, og der vert det nok stilt andre krav til å vere ryddig og objektiv, men denne serien går inn i eit så kontroversielt saksfelt at det krevs ein balanse som Hegseth manglar. Han hoppar inn og ut av rollene som journalist og aktivist.
– Kva trur du vert utfallet av klagen?
– Eg meiner at Hegseth opptrer i konflikt med Ver Varsam Plakaten, og reknar med at klagen vert følgt opp. Det viktigste for meg er uansett at PFU gjer ei grundig behandling av saka.
Kommentarjournalistikk
Måndag denne veka sa Hegseth til Aftenposten at han ikkje er journalist i VG, men innleigd programleiar. Han meinte også at dokumentarserien hans er kommentarjournalistikk.
Ottosen kallar dette uholdbart, og meiner at det ikkje er grunn til å bryte god presseskikk.
«Eg synes denne argumentasjonen er uholdbar. For det første kan det ikkje tilleggjast vekt om ein journalist, programleiar eller kommentator er innleigd eller fast tilsett. For det andre oppleves skillet mellom å være programleiar og å vere journalist i denne samanheng som irrelevant; i det augeblikket Hegseth skal behandle eit kontroversielt saksfelt der skal sleppe til ulike syn og ivareta tilsvarsretten, må det uansett bli forventa at han likebehandlar dei ulike aktørane/intervjuobjekta», skriver Ottosen i klagen.
Dagen har vore i kontakt med VG som ikkje ynskja å kommentere saka før dei har motteke klagen, noko dei ikkje hadde klokka 12.30 onsdag.
Tvilar på dom
Politisk kommentator i Bergens Tidende, Jens Kihl, meiner at Hegseth går langt i å fronte sine meiningar, men tvilar på nokon dom mot VGTV. Han meiner at «Homoterapi ved Morten Hegseth» er del av ei trend der journalistar brukar seg sjølv meir aktivt i journalistikken.
– Eg trur at det kan vere bra å skilje mellom journalistar og kommentatorar, men eg meiner ikkje at Hegseth tek ei dobbeltrolle. Han kombinerer dei to metodane, og er både den som stiller spørsmål og den som kommenterer.
– Er det greitt å både vere nøytral journalist, for så å møte og kritisere intervjuobjektet i debatt ein månad seinare?
– Det er ei misforståinga at ein journalist skal vere nøytral og objektiv. Eg meiner at ein journalist først og fremst skal vere uavhengig. Viss eg opnar avisa Dagen så forventar eg heller ikkje å møte nøytral journalistikk, seier Kihl, som også legg til:
– Eg trur likevel at ein skal vere varsam med å stille opp i debattar mot ein person som du har intervjua i ei sak. Det trur eg at skaper usikkerheit blant kjeldene og forvirring blant publikum.