VENER OG KONKURRENTAR: Jonas Sayed og Hadle Bjuland er innstilt på delt førsteplass på Rogaland KrF si stortingsliste.

Kompisane kjempar om same toppvervet: – Det er sårbart

Begge vil, men berre ein av dei kan få den førebels sikre stortingsplassen. KrF-arar i Rogaland vel sin toppkandidat 5. november.

Publisert Sist oppdatert

– Det kjennest til tider som eit ganske overveldande ansvar, seier Jonas Sayed Andersen.

Han deler førsteplassen på stortingslista til Rogaland KrF med partikollega og kompis Hadle Bjuland.

Dagen møter KrF sine to gullgutar saman i Stavanger.

Dei har same breie smilet, same nystrokne skjortekragar og same inderlege ønsket: Ein stortingsplass for Rogaland KrF etter valet neste år.

Truleg får berre ein av kompisane ønsket sitt oppfylt.

5. november får vi vite kven av dei partifellane i Rogaland KrF helst vil ha.

  • Jonas Andersen Sayed (26) er tidlegare ordførar i Sokndal og fylkespolitikar. Han bur i Stavanger, der han studerer juss og statsvitskap.
  • Hadle Rasmus Bjuland (24) er frå Nærbø, men bur i Oslo. Der han har leia KrFU og vore førstevara til Stortinget for Rogaland KrF sidan 2021.

Broren støtta Sayed

Dei møtte kvarandre første gong på fylkesårsmøtet til Rogaland KrFU i 2015. Også den gongen kjempa dei om same posisjon i fylkesstyret.

Dåverande fylkesleiar, Olaus Bjuland, oppfordra Sayed til å stille, sjølv om altså hans eigen bror, Hadle, ville ha same posisjon.

– Eg hadde ikkje støtte av min eigen bror ein gong, så det var ambisiøst, gliser Hadle i dag.

Den gongen stakk Sayed av med sigeren, men dei to heldt kontakten, og sidan 2016 har dei vore gode vener.

ALLIERTE I VERDISPØRSMÅL: Jonas Sayed og Hadle Bjuland.

Vener og allierte mot sentralmakta

Dei har pleidd å rådføre seg kvarandre i mange politiske spørsmål, ofte på verdikonservativ side i KrFU.

I retningsvalet i 2018 kjempa begge for blå side i fylkeslaga dei leia i Agder og Rogaland.

Ikkje sjeldan står Bjuland for ideane. Sayed tar seg av formuleringane.

– Viss eg tenker eg har ein sprø idé, pleier Jonas vere ein av dei eg ringer, så diskuterer me korleis eg kan formulere meg, seier Bjuland.

– Eller du droppar idéen, humrar Sayed frå sidelinja.

Då Bjuland kom med den famøse sympatierklæringa til tradwife-trenden i juni, var det med støtte frå Sayed.

– Me diskuterte lesarinnlegget ganske godt før Hadle bestemte seg for å gå ut med det. Eg synest det var eit veldig kult utspel.

– Kan de snakke om damer og fotball også, eller blir det berre politikk?

– Viss du spør spør Jonas og meg om datinglivet, er ikkje det noko me likar å utbrodere. Me snakkar nok mest politikk, seier Bjuland.

Begge to humrar.

– Og Hadle kan ingen ting om fotball, så det blir nok mest politikk, seier Jonas.

Mykje fram og tilbake

Vegen fram mot ein delt førsteplass har ikkje vore utan påkjenning for venskapen deira.

I første runden ville nominasjonskomiteen ha Sokndal-ordførar Jonas Sayed på topp. Bjuland ønskte seg også denne plassen, men då nominasjonskomiteen la fram lista si, var Bjuland sitt namn ingen stad å sjå på lista.

«Hadle Bjuland dumpa», kunngjorde Stavanger Aftenblad 19. september.

Dette avkrefta seinare Bjuland sjølv og leiar av nominasjonskomiteen, Oddny Helen Turøy.

Bjuland meiner det skuldast ei misforståing.

– Jonas og eg hadde snakka saman på førehand. Eg forstod det slik at Jonas berre var open for førsteplassen. Derfor var eg open med komiteen om at viss det var tilfelle, så er ikkje eg aktuell som andrekandidat.

Han understrekar at det ikkje er Sayed sin feil.

– Då eg forstod at Jonas var open for alle kanditatur, var det naturleg for meg å også være åpen for alle plasser, seier Bjuland.

Ombestemte seg

I den endelege innstillinga frå nominasjonskomiteen enda begge opp med ein delt førsteplass. 11 lokallag ville ha Sayed. 12 lokallag ville ha Bjuland, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Dermed dukka Bjuland sitt namn opp på lista likevel. Også Sayed har sendt blanda signal rundt stortingslista.

Sayed takka høfleg nei då nokon lokallag i vår spurte om han kunne tenkje seg topplassen, men etter sommarens bråk i partileiinga og støtte frå tidlegare Olaug Bollestad, ombestemte han seg.

Det same gjeld kampen om andre nestleiar-vervet.

Både Bjuland og Sayed stilte seg disponible til å bli nestleiar i KrF. Sayed har tidlegare sagt til Vårt Land at han ikkje hadde ambisjonar om nestleiarvervet.

– Sårbart venskap

Dei to har ikkje snakka saman før dei treff Dagen, slik som er vanleg før partifellar møter pressa saman.

Bjuland innrømmer at venskap med partifellar er sårbart.

– Men Jonas og eg er ikkje så flinke til å snakke om kjensler, presiserer han.

Dei to ler.

Sayed understrekar at dei framleis vil samarbeide, sjølv om venskapet er prega av den politiske situasjonen.

Han understrekar:

– Venskap må tole usemje. Hadle og eg er usamde.

– Ja, men eg trur tida me har lagt bak oss har gjort oss endå meir engasjerte og motiverte for å gjera ein jobb for Rogaland, seier Bjuland.

MED OLAUG I RYGGEN: Jonas Sayed ringte Olaug Bollestad for å høyre hennar mening om at han vurderte å stille seg til disposisjon på førsteplassen.

Skryt over kvarandre

Aller helst vil dei sjå framover. Dei insisterer seg på at dei gler seg til å samarbeide vidare og skryt av kvarandre.

– Kva stortingsrepresentant får veljarane i Bjuland, som dei ikkje får i deg, Sayed?

– Dei får ein modig politikar som har markert seg som ein av dei mest synlege ungdomspolitikarane og løfta KrFU til nye høgder. Viss han kjem på tinget for Rogaland, vil me sjå at han evner å gi tydelege svar på kva han ønskjer for Rogaland dei neste åra.

– Kva stortingsrepresentant får veljarane i Sayed, som dei ikkje får deg, Bjuland?

– Med Jonas får du ein som har vore Rogaland sin mest populære ordførar, ein som haustar mykje skryt på tvers av partigrenser. Ein som klarer å sette politikk på dagsorden og gjer vanlege kvardagsutfordringar til KrF-politikk. Han er eit stort talent som KrF treng i lang tid fremover.

Utfordrar Truls Olufsen Mehus

Uansett kven som stikk av med sigeren 5. november, ventar nye politiske sjøslag.

Tidlegare i haust kom tidlegare partifelle, Truls Olufsen Mehus, inn frå sidelinja som Konservativt sin førstekandidat i Rogaland.

Mehus har vore på ei rekkje besøk til kyrkjelydar og arrangement på Sørvestlandet det siste året, knytt til kritikken hans mot skeiv teori, Pride, foreininga Fri og det han meiner er påverknaden deira i skulen.

– Korleis skal de ta opp kampen om veljarane med Mehus?

KLAR TIL KAMP: Hadle Bjuland.

Bjuland tek ordet med ein gong:

– Ein del av den politikken Truls løftar fram, er me heilt samde i, spesielt dette som går på kjønnstematikk. Der opplever eg KrF er tydelegare enn nokon gong. Me skal ikkje la interesseorganiasjonararta over skulen.

24-åringen frå Hå har markert seg i kjønnsdebatten og fekk som nemnd stor merksemd for tradwife-engasjementet sitt i sommar.

Sayed har ikkje vore like synleg på dette området, men forsikrar at han er på linje på med Bjuland i slike spørsmål.

– På det med kjønn er vi jo helt samde, og eg er veldig glad for at Hadle løfta den saka høgt, seier Sayed.

– Eg har nok jobba meir med gjennomslag i min kommune knytt til skular, eldreomsorg og familiepolitikk, men ser fram til å kunne samarbeide for saker som er viktige for Rogaland og Noreg også, både med Hadle og andre.

OGSÅ KLAR TIL KAMP: Jonas Sayed.

Treng kvarandre

Dei gjer det klart at den som kjem inn på Stortinget kjem til å ringe den andre. Truleg kjem Sayed til å ringe Bjuland når han treng råd til å time eit politisk utspel.

Og Bjuland vil ringe Sayed når han lurer på om idéen hans er for sprø eller retorikken hans må finpussast.

Begge har dei ein plan B viss det ikkje blir stortingsplass på dei.

Sayed vil fullføre studiet, og Bjuland vil halde fram med å leie KrFU og forhåpentlegvis fullføre same studiet som Sayed, i statsvitskap på Universitetet i Stavanger.

– Me oppmuntrar kvarandre til å fullføre, seier Sayed, som også studerer juss i Oslo parallelt.

På kontoret til KrF Rogaland nærmar klokka seg 12, og dei to gullgutane går kvar sin veg.

Sayed skal på førelesing på universitetet.

Mens Bjuland skal heim til guterommet på Nærbø og førebu talen han skal halde for Varhaug kristelege ungdomslag på laurdag.

Neste gong dei to møtes blir på nominasjonsmøtet 5. november.

Powered by Labrador CMS