EKTEFELLER OG PARTIFELLER: Ann Kristin og Steve Bruns.
Alice Tegle
Kona til Steve er ei av byens mektigaste: – Eg får påverke gjennom henne
Ann Kristin Bruns ofra karriere og fritid for at ektemannen skulle få realisere draumane sine. No gjer han det same for henne.
– Før var Anne Kristin kona til Steve. Nå er eg mannen til Anne Kristin, seier Steve Bruns.
Skotuppane hans finn kona sine der dei to sit i Stavanger kommunehus og slepp inn partifellar som skal på gruppemøte med Stavanger KrF. Det er berre ho, som gruppeleiar, som har tilgang til kommunehuset. Steve er her for å halde henne med selskap.
I fleire år var det omvendt.