Sven Weum
Konferanse på fire språk
I Karasjok i Finnmark samlast kristne frå Nordkalotten til bøn- og vekkingskonferanse.
– I år har vi invitert læstadianarar frå Finland. Blant dei er det mykje fint som skjer. Mange får fornya møte med Jesus, seier Magritt Brustad, som er medlem av leiarskapen for bøn– og vekkingskonferansen i nord.
Til konferansen i Karasjok kjem det eit finsk ektepar. Dei er vitne til den læstadianske fornyingsrørsla og skal fortelje om den under eitt av møta, ifølgje Brustad.
– Det er ein konferanse vi har hatt i mange år. Føremålet er å samle vekkingsfolk på tvers av landegrenser og kyrkjegrenser, seier Brustad.