Konservativ bispekandidat ute av dansen

Ho var den einaste som stod for eit klassisk syn på ekteskapet. No er Sølvi Lewin ute av bispekampen i Tunsberg.

Publisert Sist oppdatert

Dette er fasiten etter at resultatet av vårens avstemmingsrunde no er klar.

Kampen om kven som skal bli ny biskop etter Per Arne Dahl står då mellom dei tre kandidatane med størst oppslutning under avstemningsrunden. Alle tre er menn.

Kandidatane som står att er Kjetil Haga (51), domprost i Tønsberg, Jan Otto Myrseth (61), domprost i Bergen, og Øystein Magelssen (52), generalsekretær, Norges KFUK-KFUM.

Kjetil Haga er den med størst oppslutning etter avstemminga, opplyser Den norske kyrkja. No skal alle biskopane og Tunsberg bispedømeråd gje sine tilrådingar til Kyrkjerådet. Tilsettinga skjer på Kyrkjerådet sitt møte i Tønsberg i helga 6.–8. juni.

Dette er de tre kandidatene som fikk størst oppslutning i vårens avstemningsrunde foran tilsettingen av ny biskop i Tunsberg:Publisert av Dagen 4. mai 2018

– Kvinner er representerte

Sølvi Kristin Lewin, prost i Larvik, var ein av dei seks nominerte. Ho ser det ikkje som problematisk at dei tre kandidatane som står att, er menn.

– Bispemøtet er samansett av mange kvinner. Dei er godt representerte sjølv om det no er tre mannlige biskopkandidatar. Det viktige er å arbeide for teologisk breidde. Der trur eg at eg kunne ha tilført noko, sidan eg har ein annan teologisk ståstad enn dei andre.

Lewin vart rekna som den mest konservative av dei seks kandidatane.

– Eg er den einaste som står for eit klassisk syn på ekteskapet – det mellom mann og kvinne. Kan hende dette ikkje lenger er ei viktig sak, i og med at vi no har to likestilte syn.

«Ingen er tjent med at disse mørke sidene ved DELKs nære historie tildekkes, omskrives eller forties», heter det i unnskyldningsbrevet som ble sendt ut til tidligere elever ved frikirkens skoler. Publisert av Dagen 2. mai 2018

Held fram som prost

Lewin påpeikar at det er gode kandidatar som har vore nominert.

– Eg er framleis nokså ny i Larvik og mange vil ha meg til å halde fram som prost. No har eg vore i den stillinga i eit halvt år. Av dei seks kandidatane, hamna eg på siste plass, bak mange gode kandidatar.

Stillinga som biskop i Tunsberg vert ledig når biskop Per Arne Dahl går av til sommaren. Dahl har vore biskop i Tunsberg bispedømme sidan 2014. Bispedømet dekkjer fylka Vestfold og Buskerud.

– Per Arne Dahl har sett djupe spor etter seg. Han er eit varmt og godt menneske og har vore ein god biskop både for folk og tilsette. Han er flink til å ordleggje seg og har vore ei god stemme for oss, seier Lewin.

Ho seier ho finn meining og trivnad i arbeidet som prost i Larvik.

– Eg veit kor eg no skal vere. Det er viktig å be og vere i samtale med Gud og kjenne etter på kva som er rett. Å vere biskop er eit kall frå Gud og ei stor utfordring. Det er ei stilling som Gud har rusta ein til.

Ønsket mitt var å kome vidare etter å ha stilt meg sjølv til disposisjon. Det gjorde eg for å gje dei som deler mitt syn ei røyst. Eg ønskjer å heie fram dei kandidatane som no står att.

Powered by Labrador CMS