Konservative lister dominerer i årets kyrkjeval
Aldri før har så mange lister stilt til val.
Tre nomineringsgrupper er registrert til kirkevalget i år:
Bønnelista, Frimodig kirke og Åpen folkekirke.
Årets kyrkjeval blir dermed historisk.
Historisk
Frimodig kirke stiller liste for første gong. Det betyr at du første gong kan velje mellom to ulike lister til høgre i det kyrkjepolitiske landskapet. Både Frimodig kirke og Bønnelista har ein teologisk konservativ profil.
Åpen folkekyrkje ligg til venstre.
I tillegg stiller Nominasjonskomiteens liste. Denne lista er blokkuavhengig. Det vil seie at kandidatane ikkje treng forplikte seg til ein felles politisk plattform. Dei er derfor spreidd over heile det kyrkjepolitiske spekteret.
Valet skjer i haust
Det er kyrkjeval 10. og 11. september 2023. Alle som er medlem i Den norske kyrkja (Dnk) kan stemme ved Kyrkelvalet.
– Her er din sjanse til å bruke din stemme for å skape fremtidens kirke, reklamerer Dnk på kirken.no.