Korleis såg Jesus ut?
Det er mange teikningar og maleri av Jesus, særleg av ansiktet hans. Ansiktsuttrykket varierer noko, men det er i mange tilfelle påfallande likt, særleg på ikonar. Korleis kan det ha seg, og såg Jesus verkeleg slik ut? Denne vesle boka eller heftet gir på sett og vis svar på det.
Torino
Det interessante er at det ansiktsuttrykket Jesus er framstilt med frå 500-talet, svarar nøyaktig til det ansiktsbiletet som finnest på likkledet frå Torino. Det verkar som kunstnaren som først framstilte Jesus på denne måten, har hatt Torino-kledet framfor seg og kopierte det. Legg ein maleriet på biletet på likkledet, er det praktisk talt fullt samanfall. Det tyder for det eine på at dette likkledet var kjent på 500-talet, og at ein tenkte at det var biletet av Jesu ansikt ein såg der.
Skifte
I denne vesle boka dokumenterer Jostein Andreassen det skifte av uttrykk som skjedde på 500-talet, og at Jesu ansikt etter den tida er likt det som er på likkledet frå Torino. Det er altså stor sjanse for at Jesus verkeleg såg slik ut som mange teikningar og maleri framstiller han – særleg ikonar.