Kraftig verdifall for lokal kryptovaluta

Kryptovalutaen til geitebonde Klauvleif Smørleif har gått på ein smell etter at folk oppdaga kva den alternative pengeeininga kan nyttast til.

Publisert Sist oppdatert

Som meldt i Krykkjebakkposten tidlegare i vinter hadde kryptovalutaen Goatcoin ei formidabel verdistigning på nyåret, og initiativtakar Klauvleif Smørklepp i Krykkjebakkdalen var i løpet av kort tid blitt kommunens rikaste mann.

Men det var kanskje ikkje så klokt å gå ut i avisa, for dei siste vekene er oppturen erstatta av ein formidabel nedtur. Fleire forsmådde kjøparar har engasjert advokat og vurderer søksmål for å få pengane tilbake.

Smørklepp forklarte at det førebels berre er mogleg å kjøpa geitost for kryptovalutaen, noko som kanskje ikkje var så smart. Det er jo grenser for kor mange geitostar folk vil ha. I mars har omsetninga stansa heilt opp. Smørklepp sjølv har skaffa seg ein avløysar frå Litauen og oppheld seg på ukjend adresse sør for Ekvator.

Kjøpte 200 geitostar

Ein av dei forsmådde er herrefrisøren og tidlegare husmorvikar Love P. Shadow (41), tidlegare kjend som Gloria Priscilla Skuggebergdal.

– Eg er ganske sint på Klauvleifen, men mest på meg sjølv fordi eg fall for freistinga til å kjøpa over 200 geitostar. Stanken byrjar også på bli uuthaldeleg, for eg har jo ikkje plass til meir enn ca 20 i kjøleskapet.

– Men kvifor kjøpte du 200 geitostar?

– Kva skulle eg elles bruka pengane til? Eg tenkte dessutan at eg kunne selja geitostane vidare til frisørkundane mine.

– Gjorde du det?

– Nei, den marknaden var jo svært begrensa. Dei fleste kundane mine hadde jo kjøpt minst like mange ostar som meg.

– Har du rett og slett vore ute for ein svindel?

– Nei, kvifor spør du om det? Klauvleif lever jo av å selja geitost. Eg har forresten innført litt kryptovaluta sjøl, eg. Lovecoin.

– Kva er ein Lovecoin?

– Det er ein kvart geitost, som folk kan kjøpa hjå meg for 50 kroner. Den ser ut som ein stor mynt, som eg har stempla ein stor «L» på.

– Og kva kan ein bruka ein Lovecoin til?

– Det ligg i namnet, svarar ho.

Mykje arbeid

Men ho blir oppgitt når vi spør om ein kan kjøpa seg «Love» eller kjærleik.

– Dust! Ein kan klippa seg i salongen til Love P. Shadow. Hos meg, altså. Prisen er åtte Lovecoin for herreklipp med maskin. Inkludert vask. (Sjå annonse nede til høgre)

– Men då er du vel like langt? Du får i retur alle geitostane som du ikkje har bruk for?

– Det spørst litt korleis du ser på det. Men du, no har eg ikkje tid til å snakka meir med deg. Eg har 200 geitostar å skjera opp. Veit du forresten korleis ein kan lagra oppskårne geitostskiver utan at dei blir tørre?

Powered by Labrador CMS