KrF-døra er på gløtt for Frp

Fleire fylkeslag i KrF er skeptiske til å regjere med Framstegspartiet, men ingen avviser heilt ein ikkje-sosialistiske firepartiregjering. Bistand, landbruk og familiepolitikk blir viktige saker i forhandlingane.

Publisert Sist oppdatert

Med 5,6 prosents oppslutning har ikkje Kristeleg Folkeparti greidd å løfte partiet like mykje som dei hadde håpa på. No skal partiet finne ut om dei har noko i ei regjering å gjere saman med Frp, Høgre og Venstre.

Dagen har snakka med elleve fylkesleiarar i KrF. Ikkje alle har summa seg heilt etter valet, men fleire nemner landbruk, bistand og familiepolitikk som viktige område i regjeringssamtalar.

Fylkesleiar Olav Ingebjørn Moe i Østfold meiner at KrF vil få størst gjennomslag ved å delta i ei regjering.

- Men det er avhengig av at vi ikkje må gi avkall på våre primære saksområde, seier Moe.

- Det går sjølvsagt ei smertegrense. Eg har oppfatta både Erna og Siv som relativt opne for å gi, så det er moglegheiter, for å seie det sånn. Ein vippeposisjon kan vere gunstig for oss både i og utanfor regjering, seier fylkesleiar Ove Gundersen i Aust-Agder.

Saman med Venstre

Tysdag hadde partileiar Knut Arild Hareide eit telefonmøte med landsstyret, like etter ei samling i sentralstyret. Torsdag samlast både sentralstyret og landsstyret.

- For meg og KrF generelt er det viktig at vi først sit saman og diskuterer internt, før vi går ut eksternt. Vi må lande på vegen vidare og snakke med alle dei ikkje-sosialistiske partia, så får vi sjå kva vi får att i den potten. Dit er vi ikkje komne no, seier fylkesleiar Olaug Vervik Bollestad i Rogaland.

Det er viktig at Venstre og KrF heldt saman i sonderingane rundt kor vidt dei skal bli med i regjering, meinar fylkesleiar Ole Døvik i Vestfold.

- Vi må vere veldig klare og samde om saker på førehand. Eg ser at Høgre og Frp er avhengig av berre eit av partia, men det vil svekke sentrum att, seier Døvik.

I tillegg til saker som bistand, familiepolitikk og landbruk, peiker Olaug Bollestad Vervik i Rogaland på menneskeverd, tidleg ultralyd og sortering som døme på nokre av dei viktige verdisakene dei bør kjempe for.

Usamde om Frp

- Vi må få gjennomslag for politikken vår, spesielt der vi er ulik Frp. Det går på flyktningpolitikk, asylpolitikk, bistand, landbruk, miljø og alkohol, seier Morten Halling, fylkesleiar i Oppland.

Han har tidlegare gått ut mot at KrF skal vere på vippen i ein regjering med Høgre og Frp.

- Er du positiv til ei regjering med Frp no?

- Eg vil vente med å seie noko om det. No er vi mest opptekne av å gå inn i samtalar, som eventuelt fører til konkrete forhandlingar om politiske saker, sier Halling.

Leser menyen

Pål Kårbø, KrFs fylkesleiar i Hordaland, vil helst ikkje sitje i regjering med Frp.

- Det er betre med ein forpliktande avtale med Høgre og Frp der vi kan støtte dei sakene vi vil, eller ei rein Høgre-regjering, sa Kårbø til Dagen valnatta.

I Hedmark har fylkesleiar Kjell Bjørseth i utgangspunktet eit mandat om at KrF ikkje skal gå inn i regjering med Frp, noko han truleg vil halde fast på.

- Eg vil markere min motstand og er lojal mot den lokale avgjersla. Men no vil forhandlingane vise kva som skjer, seier Kjell Bjørseth.

Buskerud-leiar Ludvig Munkejord har enno ikkje landa på kva han meiner partiet bør gjere. Han peikar også på landbrukspolitikk, utviklingspolitikk og familiepolitikk som viktige saker for KrF. Og distriktspolitikk.

- Er det stemning for å bli med i ei regjering med Frp?

- Det er for tidleg å seie. Vi skal setje oss ned, sondere og sjå det an. Det er gratis å lese menyen, men om det blir butikk av det, får vi sjå. Det er fordeler og ulemper begge vegar, seier Ludvig Munkejord.

Den raudgrøne regjeringa går av når ho legg fram sitt forslag til statsbudsjett 14. oktober.

Då skal den nye regjeringa ta over. Dei ikkje-sosialistiske partia ligg førebels an til å få 96 stortingsmandat, medan dei raudgrøne får 72. Miljøpartiet De Grønne får ett.

Dersom KrFs landsstyre, partiets høgaste organ mellom landsmøta, gir klarsignal for regjeringsforhandlinger, kan Hareide være klar til å sette seg til forhandlingsbordet med Høgre, Frp og Venstre til helga.

DAGEN

Regjeringsforhandlingar

Den raudgrøne regjeringa går av når ho legg fram sitt forslag til statsbudsjett 14. oktober.

Då skal den nye regjeringa ta over. Dei ikkje-sosialistiske partia ligg førebels an til å få 96 stortingsmandat, medan dei raudgrøne får 72. Miljøpartiet De Grønne får ett.

Dersom KrFs landsstyre, partiets høgaste organ mellom landsmøta, gir klarsignal for regjeringsforhandlinger, kan Hareide være klar til å sette seg til forhandlingsbordet med Høgre, Frp og Venstre til helga.

Powered by Labrador CMS