KrF-politikarar i Rogaland protesterer mot oljestopp
– Dette blir vanskeleg å forklare veljarane i Rogaland, seier KrF-politikar i Stavanger.
Førre veke blei det kjent at KrFs programkomité vil foreslå ei fornying av partiets oljepolitikk, ifølgje Vårt Land. Komiteen foreslår mellom anna å:
* Redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030 og ned til netto null i 2050.
* Stanse utlysingar av nye oljelisensar.
* Slå fast at «oljeeventyret er i ein sluttfase».
«Nei, nei, nei»
Dette får KrF-arar i oljefylket Rogaland til å reagere. KrFs gruppeleiar i Stavanger bystyre, Henrik Halleland, trur det vil bli vanskeleg å drive valkamp i oljefylket dersom dette forslaget blir vedteke som partiets politikk.
– Formuleringa om å ikkje utlyse nye oljelisensar trur eg blir krevjande. Eg meiner det er å gå langt, og det blir vanskelig å forklare veljarane i Rogaland kvifor dette må gjerast no, seier Halleand og legg til:
– Eg forventar at komiteen kjem med ei grundig forklaring. Vi kan ikkje berre seie «nei, nei, nei» utan nokon større plan enn som så.
Halleland understrekar at han ikkje trur oljen varar evig og at han skulle sett at ein satsa på å nå nullutslepp allereie i 2040. Han meiner det er mogleg å nå desse måla utan å sette strek for oljelisensane.
– Utfordinga er ikkje olja i seg sjølv, men det som skjer når vi brenn den. Eg meiner teknologien har kome langt når vi no kan fange CO2, og eg trur meir på slike løysingar, enn å seie nei, seier Halleland som er tydeleg på at lokallaget kjem til å jobbe mot forslaget fram mot landsmøtet.
– Urealistisk
Han får støtte frå sin bystyre-kollega i Stavanger, Marie Ljones Brekke. Ho er negativ til forslaget, særleg med tanke på at mange no er arbeidslause på grunn av koronapandemien.
– Meiner du at «oljeeventyret er i ei sluttfase»?
– Ja. Oljen vil ta slutt, og ingenting hadde vore betre enn at vi utelukkande kunne forsyne oss av fornybare ressursar, men det må vere ein realisme i forslaga ein legg fram, meiner Brekke.
Avviser sluttfase
Også KrF-arar på Sør-Jæren reagerer på forslaget. Ordførar i Hå kommune, Jonas Skrettingland, meiner formuleringa er for bastant og kjem for tidleg.
– Vi veit litt for lite om kor raskt vi får til dei alternative energikjeldene, så å binde seg opp for mykje no, ville eg vore forsiktig med, forklarar Skrettingland.
Ordføraren er ikkje samd med Halleland i at teknologien allereie er på plass.
– I alle fall ikkje fullt ut. Vi er einige om målet om eit nullutsleppsamfunn, men vi må framleis sjå an den teknologiske utviklinga.
– Meiner du at «oljeeventyret er i ei sluttfase»?
– At oljeeventyret er på hell, det er vi einige om, men å seie at vi er i ein sluttfase, meiner eg er for sterkt, seier Skrettingland.
– Klokt og realistisk
Ein rogalending som derimot hyllar forslaget, er tidlegare nestleiar i partiet, Einar Steensnæs. Partinestoren, som var olje- og energiminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering, kallar forslaget eit tydeleg signal om å tydeleggjere miljø- og klimapolitikken.
Han meiner veljarane i Rogaland ikkje kan bli overraska dersom forslaget blir partiets nye politikk.
– Alle veit kva KrF står for når det gjeld forvaltaransvar, og då er ansvaret for framtida til våre barnebarn viktigast, seier Steensnæs og legg til:
– Neste steg må vere å konkretisere korleis utfasinga skal skje. Det er klokt av komiteen å ikkje foreslå bråe omvendingar no, men heller kome tilbake til det når ein har meir kunnskap om moglegheitene. Det viktigaste no er signalet.
Avviser oljestopp
Han trur kritikarane i Rogaland kan ha misforstått forslaget.
– Eg kan berolige Rogaland KrF med at vi ikkje foreslår å slutte med olje eller leggje ned arbeidsplassar. Det skal framleis delast ut oljelisensar, men berre i eksisterande felt. Det er naudsynt for å nå klimamåla før 2030, forklarar Lunde.
Han avvisar at det er snakk om noko radikalt «MDG-forslag» og at dei ikkje vil sette nokon sluttdato.
– Tvert imot så sikrar dette forslaget mange arbeidsplassar innanfor olje og gass i mange år framover, men vi vil starte ei ansvarlig omstilling, seier Lunde.