Møte i KrFUs landsstyre januar 2018. Ikkje alle på bildet er med i dagens landsstyre.

KrFU-toppar vil forby tilsettings-nekt av homofilt samlevande

Nikab på skulen og kor vidt friskular skal ha lov til droppe å tilsette homofilt samlevande, er blant stridstemaa som kjem opp på KrFUs landsmøte til helga.

Publisert Sist oppdatert

Eit stort mindretal i landsstyret i KrFU vil at «friskulane ikkje skal kunne diskriminere søkarar ved utlysing av stillingar».

– Dette blir ein spennande debatt på landsmøtet vårt, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Landsstyret har levert eit negativt innstilt endringsforslag til utdanningsmanifestet som ungdomspartiet skal handsame under landsmøtet på Gardermoen til helga.

Mindretalet i landsstyret vil endre det som står i sjølve manifestutkastet om at «friskulane må framleis sikrast retten til å tilsetje personale som står inne for den einskilde skulen sin eigenart».

Å hindre samlivsspørsmål

På spørsmål om forslaget er å forstå som at friskular ikkje skal få bruke samlivsform som argument ved tilsetting, svarar nestleiar Edel-Marie Haukland slik:

– Det vil eg tru er intensjonen.

KrFU-leiar Martine Tønnessen seier det var ein jamn og stor debatt i landsstyret om saka på eit møte i juni.

– Argumenta for går på at ein ikkje skal diskriminere nokon, og i praksis vil det du skisserer der vere noko som det då eventuelt ikkje vil vere ope for, seier ho.

– Støttar du endringsforslaget?

– Mangfald er viktig

USIKKER: Edel-Marie Haukland, innstilt som ny leiar i KrFU.

Haukland er innstilt som ny leiar. Ho ser på dette som ei veldig vanskeleg sak.

Tidlegare har ho utfordra Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) på å vere medviten om at dei har mange elevar på sine friskular som ikkje har NLM-bakgrunn.

– Eg har sjølv sett på kristne friskular at mangfald i lærarstaben og blant dei andre tilsette er viktig for at dei unge skal ha nokon å snakke med og kjennes eg att i, ha nokre gode forbilde, nokon dei ser litt av seg sjølve i. Men eg meiner det må vere mogleg å tilsette folk som er samde i verdigrunnlaget til skulen, seier Haukland.

Sentralstyremedlem Karine Skoglund og fylkesleiar Simen Bondevik i Viken KrFU er blant dei som meiner friskulane ikkje bør få ta omsyn til kor vidt tilsette lever i kjønnsnøytrale ekteskap.

– Eg meiner at friskular ikkje skal diskriminere tilsette på grunnlag av kven dei er gift med. Vi må heller sjå på det som eit mangfald, seier Skoglund.

– Kva m trusfridomen for kristne friskular som meiner at det å leve i kjønnsnøytrale ekteskap er synd?

– Ein må sjå litt forbi det, sjå på menneske som menneske og ikkje diskriminere basert på samlivsform. Det blir feil å skulle kunne grunngje ei slik avgjersle med religion, seier ho.

Simen Bondevik ser det som ein vanskeleg debatt med fleire omsyn som må bli vegd opp mot kvarandre.

– Utgangspunktet mitt er at ein ikkje skal bli nekta ein jobb på bakgrunn av kven ein elskar. Å kjempe mot diskriminering av homofile er såpass viktig at eg tenker det må bli forbode å diskriminere ved tilsettingar, sjølv om det er ubehageleg å gå på tvers av trusfridomen som er viktig for samfunnet vårt, seier han.

Utfordrande for friskular

Dersom KrFU går inn for forslaget kan det bli utfordrande for friskulane, ifølgje generalsekretær Jan Erik Sundby i Kristne Friskolers Forbund.

– Skal det bli ei strammare og snevrare lovtolking der ein ikkje tek omsyn til livssyn, blir det vanskeleg å stille seg til, seier Sundby.

Han oppfattar ikkje at friskulane driv med diskriminering når dei tek samlivsform inn i vurderinga ved tilsetjingar når det samsvarar med verdigrunnlaget til organisasjonane.

– Vi gjer noko som er tillete. Loven opnar for eit breiare omsyn til livssyn. Vi har stort sett tilsettingsfridom innanfor visse rammer som vi kan leve med, seier han.

Gjennestad-saka

Det har lenge vore ei kampsak for kristne friskular at dei skal kunne legge til grunn sitt verdigrunnlag ved tilsetting til alle stillingar, særleg fordi personalet på skulen mellom anna held andaktar.

Mange friskular har verdidokument der det går fram at dei står på eit konservativt syn på ekteskap og homofili, og skriv i stillingsannonsar at ein må vere lojale mot dette.

I januar i fjor slo kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) fast at kristne friskular berre kan nekte å tilsette personar med homofil legning dersom dei skal undervise i kristendom og religion.

Ytringa kom etter at rektoren ved Normisjon-eigde Gjennestad vidaregåande skule sa opp fordi han ville gifte seg med ein mann. Det skapte stort engasjement blant stortingspolitikarane.

KrF uttrykte bekymring for at statsråden signaliserte ei innsnevring av kva skulane kan gjere. Venstre meinte derimot at Sanners uttale var heilt på sin plass, og vedtok på sitt landsmøte i 2018 å gjennomgå regelverk og praksis.

Inga praktisk endring

Saka har ikkje ført til nokon store konsekvensar for friskulane generelt, opplyser Sundby i Kristne Friskolers Forbund.

– Det er ingen klare tolkningsendringar eller lovendringar, seier han.

– Vi har gitt råd til skulane om å følgje regelverket og at det ikkje er nokon endringar i det. Kunnskapsdepartementet har sagt at dei skulle komme med nokon rettleiing, men ikkje at dei skal stramme inn eller ha nokon endring i praksis, seier Sundby.

Ja eller nei til nikab

KrFUs landsmøte skal også ta stilling til om staten skal dekke 65, 85 eller 100 prosent av driftsutgiftene til friskulane.

I kjølvatnet av sommarens bolledebatt i skulelagsamanheng, er KrFUs manifestkomité vidare opptekne av at elevar skal kunne utøve livssynet sitt i den offentlege skulen.

Dei vil tillate bruk av personlege religiøse symbol og religiøse plagg for både lærarar og elevar - også ansiktsdekkande plagg som nikab.

Karine Skoglund i sentralstyret understrekar i eit endringsforslag at religiøse symbol som ei kjede med kors eller liknande også skal vere tillete.

Men Rogaland KrFU er usamd.

– Det er viktig for undervisningspersonell å vise ansikt. Ingen barn skal gå med ansiktsdekkande plagg på skulen, uansett religion, skriv fylkesslaget i sitt endringsforslag.

Julegudstenester vil KrFU pålegge skular å skulle tilby, samstundes som dei også skal gjeste ulike livssynshus.

PRESISERING: I første versjon av denne saka stod det at fleirtalet i KrFUs landsstyre stilte seg bak endringsforslaget om ikkje å diskriminere ved tilsettingar , noko som blei stadfesta av KrFUs leiar og nestleiar fredag. Etter publisering presiserer dei at landsstyrets fleirtal er negative til forslaget. Forslaget er likevel å finne i sakspapireamed landsstyret som avsendar, men negativt innstilt. Dette fordi saka kom opp under landsstyrets møte i juni, og dei ønsker å la landsmøtet ta debatten. Dagen har derfor endra dette i artikkelen og henta inn kommentarar frå landsstyremedlemar som er for forslaget.

Andre saker til KrFUs landsmøte

Landsmøtet 18.-20. oktober på Gardermoen skal ta stilling til tre manifest, på utdanning, fattigdom og på gründerskap, innovasjon og teknologi.

Det er usemje om følgjande saker:

Eigedomsskatt - halde på eller fjerne avgrensning på denne? Innføre landverdiskatt i staden?

Redusert arbeidstid.

Slette gjeld i utviklingsland.

2 prosent meir til bistand, og bruke halvparten til klimatiltak.

Auka import av genredigert mat.

Det kontantlause samfunnet.

Digitalt grenseforsvar.

Arbeidsavklaringspengar og tiltak for å få unge ut i jobb.

Gjere barnehage gratis for låginntektsfamiliar.

Hegne om desentraliserte studiestadar.

Powered by Labrador CMS