KRIGSVETERAN: Ragnar Ulstein var både veteran frå krigen og krighistorikar.
Foto: Ivar Kraglund / NPK
Krigshistorikaren vart 99 år. Fem år seinare kjem den siste romanen hans
Ragnar Ulstein skildar spenningar rundt bedehusmiljø på Sunnmøre i «Etterdønningar».
Knapt nokon nordmann har skrive meir om andre verdskrigen enn Ragnar Ulstein (1920-2019). For innsatsen fekk han Kongens fortenstmedalje i gull og ei lang rekke andre utmerkingar. Sunnmøringen var sjølv aktiv sabotør i Kompani Linge under krigen.
Ikkje første roman
Mindre merksemd har det fått at han gav ut to romanar tidleg på 1960-talet. Og heilt på slutten av 2024, fem år etter at han døydde, kom den tredje.