Kristen camping i tynn tråd
Ein av landets største bibelcampar har avlyst årets sesong. No vurderer andre om dei må gjere det same.
Store kristne festivalar og stemner har avlyst i fleng etter at koronaviruset kom til landet.
No vurderer også bibelcampane om årets sesong kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.
Frå tidlegare har det vore kjend at alle kulturarrangement med meir enn 500 deltakarar er avlyst til og med 1. september, og førre veke informerte helseminister Bent Høie (H) om at regjeringa opnar for arrangement med opp til 50 deltakarar.
Allereie avlyst
Allereie for ei veke sidan avgjorde Fangekasa bibelcamping på Aremark i Østfold at det ikkje blir nokon campingsesong i år.
– Bibelcampingen vår samlar opp mot 500 menneske og framstår som ein festival. Vi ser difor ikkje korleis vi skal klare å holde oss innanfor retningslinjene for reinhald, avstand og smitteavgrensing som blir lagt opp til, seier Bjørn Magne Heier, som er styreleiar for Fangekasa Bibelcamping.
– Det er veldig tungt for styret å kome til denne avgjersla, legg han til.
Bibelcampingen har vore aktiv kvart år sidan 1983 og er tilslutta Norsk Luthersk Misjonssamband.
Umogleg å drive
Heier meiner at det er umogleg for ein frivillig-driven festival å overhalde retningslinjene frå styresmaktene.
– Vi veit at mange som besøker Fangekasa er i aldersrisiko, og det vil vere ekstra smittevernstiltak med ekstra reinhald som fører til ekstra arbeid. All uvissa rundt dette var for vanskeleg for oss å forhalde oss til.
Heier forsikrar om at det likevel vil bli mogleg å feriere på campingplassen, men altså utan bibelcamp-programmet.
Vurderer digital camping
I Lyngdal i Agder har Indremisjonsforbundet (ImF) arrangert bibelcamp sidan 1967.
I år er det uvisst om det blir bibelcamp.
– Vi har ikkje gjort nokon endeleg konklusjon. Campingplassen kjem nok til å vere open, men diskusjonen går på kva vi skal gjere med bibelcamp-programmet, seier arrangements- og marknadsansvarleg i ImF, Kenneth Foss.
Han seier at det er svært usannsynleg at dei vil kunne køyre eit tilnærma normalt program på bibelcamp, og at dei no vurderer dei alternativa sine.
– Det kan anten vere fysisk på campen ut i frå dei retningslinjer som blir gitt, eller vi kan lage ei reinspikka digital løysing.
Mistar kontakta
ImF går ut i frå at cirka 8.000 personar er innom bibelcampen i løpet av sesongen.
At bibelcampen ikkje går som normalt, får konsekvensar for organisasjonen.
– Den økonomiske konsekvensen er ein ting, men den største konsekvensen er at vi mistar fire veker med kontakt med misjonsfolket vårt, seier Foss.
Ønskjer å arrangere
Heller ikkje Justøyfamiliens Bibelcamping på Justøy i Lillesand har bestemt seg for om det blir bibelcamp. Dei avventar meir informasjon frå styresmaktene.
Campingen har vore i drift sidan 1964, og dei har framleis håp om at dette ikkje skal bli første år dei må avlyse.
– Vi ønskjer å ha drift i sommar, men om det blir god gamal Justøy-stil, veit vi ikkje. Vi håpar at dersom styresmaktene og kommunelegen seier ja, så skal vi kunne drive camping i sommar, seier dagleg leiar Terje Grundetjern.
Han vedgår at det er ein utfordrande situasjon, men har framleis trua.
– Vi forheld oss uansett til det styresmaktene bestemmer, seier Grundetjern.
Ingen nasjonale retningslinjer
Helseminister Bent Høie har tidlegare avvist behovet for eigne nasjonale retningslinjer for smittevern på campingplassar.
– Det er dei same reglane som gjeld der som elles i samfunnet, sa Høie til NRK fredag 24. mars.
Det er derimot opp til kommunelegen å avgjere om det er forsvarleg for campingplassane å halde ope i sommar.