Kristen eks-nazist siktet for drap
Ble frelst etter å ha sett Mel Gibson–filmen «Passion of the Christ» i 2004.
Den 55 år gamle mannen John Edvin Lie tok avstand frå si kriminelle fortid som nynazist, og angra sitt syndige liv i 2004.
Nå er han atter ein gong sikta for drap, melder VG.
Onsdag 18. juli fann politiet eit brennande lik i Maridalen, som Lie no er sikta for å ha drepe og skjenda. Den avdøde var ein mann i 30-årane.
Passion of the Christ
Lie, som tidlegare bar namnet Johnny Olsen, stod fram i 2004 og fortalde at han hadde vorte frelst. Forsvararen hans, Fridtjof Feydt, seier til VG at det hende etter å ha sett Mel Gibson–filmen «Passion of the Christ».
Den gongen fortalde Lie Dagbladet at han etter å ha sett denne filmen, ville vedgå at han var mannen bak bombeattentata i 1994 og 1995 mot Blitz–huset i Oslo. Deretter kontakta han advokaten sin og melde seg til politiet.
– Eg tek avstand frå fortida mi og frå nazismen, sa han før rettsmøtet i samband med varetektsfengslinga i 2004. – Jesus lever!, la han til.
Straffeskyld
Lie vart torsdag 19. juli varetektsfengsla i fire veker med brev–, medie– og vitjingsforbod. Han vart sikta for drap og likskjending, men nektar straffeskuld. Kjenninga vart anka på staden.
Lie var ein av gjerningsmennene bak Hadelandsdrapa i februar 1981, der to unge menn vart drepne.