HEILDIGITAL: Slik kan den nye campusen til NLA Høgskolen i Kanalveien 90 i Bergen sjå ut når den skal stå ferdig i 2023. Illustrasjon: Mad arkitekter

Kristen høgskole vil bygga Noregs smartaste studiebygg

Når NLA skal flytta inn i NRKs tidlegare lokale i Bergen i 2023 er målet at det skal vera i eit av Noregs smartaste og mest heildigitale bygg.

Publisert Sist oppdatert

Bygningsmassen skal dermed gjennom ei total rehabilitering og NLA Høgskolen har inngått ein samarbeidsavtale med IT-infrastrukturselskapet Atea for å lykkast med å bygga ein heildigital campus.

— Dette vil gi NLA Høgskolen moglegheit til å skapa moderne og framtidsretta undervisningsmiljø på dei to nye campusane i Oslo og Bergen, fortel eigedomsleiar Axel Hauge ved NLA.

Leiar for Digital Byggutvikling i Atea Bergen, Kristoffer Hopsdal, fortel i ei pressemelding frå NLA Høgskolen at dette er eit unikt prosjekt.

— Eg har ikkje høyrt om noko anna byggprosjekt i Noreg der IT tar ei så stor rolle i ein tidleg fase av prosjektet. Dette vil gi NLA Høgskolen langt større moglegheiter for å integrera teknologi i bygget og finne dei beste digitale løysingane for brukarane, seier han.

Nye undervisningsformer

Eigedomen i Kanalveien 90 vart kjøpt av NLA Høgskolen og eigedomsselskapet BOB for 190 millionar i 2015 med overtaking i 2018.

NLA-rektor Sigbjørn Sødal seier byggeprosjektet skal inspirera og stimulera til læring, forsking, formidling og nyskaping når det er ferdig.

— Vi veit at bygg og rom har innverknad på læringsformer og samhandlingsmønstre og er viktige verkemiddel for å skapa godt lærings- og arbeidsmiljø for studentar og tilsette. Teknologiutviklinga legg til rette for utprøving og bruk av nye undervisningsformer, spesielt med tanke på samvirket mellom fysiske og digitale løysingar, seier han og legg til at dette mellom anna kan opna for nye og spennande moglegheiter for undervisningsopplegg på tvers av NLAs campusar i Bergen, Oslo og Kristiansand.

UNIKT: IT-infrastrukturselskapet Atea seier dei aldri før har vore borte i eit norsk byggeprosjekt der IT tar ei så stor rolle i ein tidleg fase av prosjektet. Illustrasjon: b+b arkitekter

Skal fremma samarbeid

Nokon konkrete fortrinn med eit digitalisert studiebygg NLA trekk fram er at studentane mellom anna vil ha lett tilgang til å finna ledige ressursar for ledig rom og pult.

I tillegg vil informasjonsdeling- og mottak fungera hurtig. Digitalisering skal òg bidra til å forenkla og framme samarbeid studentane imellom, ifølgje pressemeldinga.

— Med nye former for læringsareal ønsker vi å setja søkelyset på egeninitiert arbeid, samarbeid, utforsking og eksperimentering med nye verkemiddel i undervisninga, understrekar Sødal.

– Målet vårt er at desse romma fører til at høgskulen kritisk kan undersøka læringsmetodar, pedagogiske program og teknologi som er i bruk i dei ulike sektorane vi utdannar til.

Studentane ved NLA gleder seg òg til dei kan flytta inn i ny campus.

— Studentane ved NLA høgskulen ser fram til ny campus og er glad høgskulen set studenttrivsel høgt og først, uttrykker leiar av Studentparlamentet, Marte Haugen.

Powered by Labrador CMS