John Skartveit er førsteamanuensis i naturfag ved NLA Høgskolen Bergen. Han seier at ungjordskreasjonisme ikkje er aktuelt for den kristne høgskulen.

Kristen høgskule seier nei til ung jord

Ny lærebok seier at jorda er ung. – Ikkje aktuelt hos oss, seier førsteamanuensis i naturfag.

Publisert Sist oppdatert

Debatten om når universet vart skapt, engasjerer framleis. Den nye læreboka «Guds verden» er utgitt av foreininga Skaper og har allereie hausta både ris og ros for si vektlegging av ei ung jord og såkalla ungjordskreasjonisme.

NLA Høgskolen er den einaste private høgskulen i Noreg som tilbyr grunnskulelærarutdanning, med campus i Bergen og i Oslo. Høgskulen har eit kristent verdigrunnlag, men førsteamanuensis i naturfag, John Skartveit, seier at det er uaktuelt for skulen å undervisa i ungjordskreasjonisme.

– Påstandane sette fram av ungjordkreasjonisme går i mot det aller meste av den informasjonen ein har om geologi, astronomi og paleontologi, seier Skartveit som mellom anna har forska på insekt som vert vurderte til å vere 24 millionar år gamle.

Han samanliknar ungjordskreasjonisme med astrologi, fordi rørsla ifølgje han er motivert av ideologi, og ikkje av vitskap.

Lite spørsmål

Ved lærarutdanninga er det ikkje snakk om ungjordskreasjonisme i undervisninga. Skartveit kan heller ikkje hugse å ha fått spørsmål om det frå studentar.

Frå tid til anna får han spørsmål om såkalla Intelligent Design, som er ei rørsle som utfordrar tanken om evolusjon som ein blind og føremålslaus prosess.

– Men då går spørsmålet vanlegvis på korleis ein i skulen skal formidla at det finst ulike tankar om dette. Eg opplever ikkje at mange studentar er opptekne av Intelligent Design som vitskapleg forklaringsmodell, men ein del har tankar om korleis ein skal forhalda seg til det i skulen.

NLA Høgskolen utdannar lærarar for både offentleg og privat skule.

John Skartveit viser frem et fossil som skal være cirka 100 millioner år gammelt.

Svært problematisk

Boka «Guds verden» er eit samarbeid mellom foreininga Skaper og nokre kristne friskular. Skartveit seier at sjølv om alle står fritt til å skrive bøker, så synest han det er svært problematisk om ei slik bok blir brukt som lærebok i grunnskulen.

– Me står då i fare for å få ein situasjon der deler av samfunnet forheld seg til «alternative truths». Dette er ein trend som både offentlege og private skular bør stå imot, seier Skartveit og viser til eit omgrep som særleg har vorte aktuelt i USA.

Han meiner ellers at det er uheldig å kople personleg tru med ein forklaringsmodell som er «utan belegg i tilgjengelege observasjonar».

– Elevar som er opplærte i dette frå grunnskulen, vil møta sterke argument for at det ikkje stemmer seinare i livet. Då kan gjerne trua gå med i fallet når forklaringsmodellen klappar saman.

– Trur du, ut frå di erfaring, at den vil bli tatt i bruk som lærebok ved kristne friskular?

– Eg trur ikkje denne vil få ei vid utbreiing, men einskilde friskular kan kanskje ynskje å ta henne i bruk.

Forvirrande

Skartveit er ikkje svært positiv til at ungjordssynet skal få sleppe til i fag som KRLE heller. Han meiner at faget har nok med å forklare forskjellen på ei skapingsforteljing og skaping i ei vitskapleg forståing.

– Å dra inn ein forklaringsmodell som går langt mot å hevda at skapingsforteljingane gjev vitskaplege forklaringar her, det vil verka forvirrande heller enn oppklarande, svarar han.

Heilt umogleg

Sjølv har Skartveit publisert forskning på fossilar etter hårmygg som har atskillige fleire år på baken enn dei 6.000-10.000 som ungjordskreasjonistar meiner at jorda er. Sjølv om dateringar kan variere og ha feil så er det ikkje mogleg med feil av ein slik skala, seier Skartveit.

– Dersom ungjordkreasjonismen sine påstandar skulle stemme, måtte det ha skjedd ei endring i svært fundamentale naturlover, mellom anna i eigenskapane til atomkjernar som fører til radioaktiv nedbryting, i grunnleggjande kjemi i vulkanske bergartar og så vidare.

Han viser til at geologien talar eit klart språk om ei lang tilbliving. Eit kjent eksempel er den 1.500 meter djupe dalen Grand Canyon, der ulike jordlag er synlege.

– Dei best daterte fossillaga er daterte ved hjelp av fleire metodar som gjev samsvarande resultat, i slike tilfelle er dateringa mykje sikrare.

– Skrot tradisjonane

Sjølv trur naturvitaren at det ikkje er fruktbart å forsøke å lese forholdet mellom Gud og dei evolusjonære prosessane. Han viser til at skapingsforteljingane i Det gamle testamentet seier lite om korleis skapinga skjedde. Han meiner at det trengst eit nytt blikk på forteljingane.

– Ungjordskreasjonismen sine påstandar er ikkje berre baserte på skapingsforteljingane, men på ein lang tradisjon av utleggingar av desse forteljingane, til dømes ved detaljerte dateringar av ulike hendingar. Kanskje kunne det vera mogeleg å skrota desse tradisjonane og la forteljingane tale for seg sjølv, spør han.

Les også forfattar Andreas Årikstad sitt svar på NLA Høgskulen si haldning til boka.

Powered by Labrador CMS