REDDE: Mange kristne i området rundt fabrikken vart skremde etter det som skjedde på laurdag.

Kristen pakistanar som vart jaga av mobb, døydde på sjukehus

Politiet fekk berga Nazir Masih før han vart drepen, men livet stod ikkje til å redde. – Trist og tragisk, seier norsk redaktør.

Publisert Sist oppdatert

Dagen skreiv om saka før helga.

Nazir Masih skal uforvarande ha brent nokre sider frå ein koran saman med søppel som hadde blåst inn på gardsplassen rundt skofabrikken hans i Punjab-provinsen i Pakistan.

Det førte til at det samla seg ein mobb som til slutt talde 400 menneske rundt fabrikken og huset til familie, som låg på det same området.

Politiet kom og fekk han med naud og neppe unna i live.

– Farleg misbruk

Masih vart frakta bevisstlaus og med store skadar til eit sjukehus i Rawalpindi etter å ha blitt slått helselaus.

Han låg på respirator, men no er han død. Gravferda fann stad måndag.

– Det er tragisk nytt. Misbruk av blasfemilova må stoppast. Parlamentet må vedta si sikring i blasfemilova for å stoppa misbruket av lova. Styresmaktene må gjera denne saka til ei testsak slik at mobbvold tek slutt. Overgriparane må stillast til ansvar og svara for seg i retten, seier Sajid Christopher, leiar i Human Friends Organization (HFO) til stefanus.no.

– Ekstremistvald etter misbruk av den pakistanske blasfemilova har fått endå eit dødsoffer. Det er trist og tragisk. Styresmaktene i Pakistan må slå hardt ned på voldsretoritikk og misbruk av blasfemilova. Den norske regjeringa må på nytt ta det farlege misbruket av blasfemilova og den utbreidde hatretorikken opp med Pakistans styresmakter, seier redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen.

Fordømer valdshandling

Leiaren for den britiske organisasjonen Christian Solidarity Worldwide, Mevyn Thomas, uttrykkjer djup medkjensle med dei etterlatne.

– Vi fordømer denne forkastelege valdshandlinga og understrekar at Masih truleg framleis ville vore i live dersom politiet hadde gripe inn raskare og meir kraftfullt, seier Thomas i ei pressemelding.

Han oppmodar lokale styresmakter i området til å oppretthalde lov og orden. Dessutan oppmondar han pakistanske styresmakter til å oppheve blasfemilovene som strir med dei internasjonale forpliktingane for trusfridom som Pakistan har slutta seg til.

Powered by Labrador CMS