TRUSFRIDOM: Päivi Räsänen meiner kampen hennar står om trusfridomen i Finland. Foto: Kristdemokraterna

Kristen politikar til nok eit politiavhøyr

Parlamentsmedlem og tidlegare innanriksminister Päivi Räsänen er kalla inn til avhøyr for eit tredje tilfelle av utsegner om homofilt samliv. Avhøyret skal finne stad i Helsinki i morgon.

Publisert Sist oppdatert

– Sjølv om avhøyra og fråsegnene i samband med dei tek tid, vil eg ikkje gå tilbake på synspunkta mine, seier Räsänen i ei pressemelding.

Legen er gift med ein prest og har fem born og seks barneborn. Ho har vore innvald i parlamentet sidan 1995.

I mars i år intervjua Dagen den tidlegare partileiaren for Kristdemokraterna i Finland. På den tida var ho under etterforsking for to saker. Den første var ei Twitter-melding der ho kritiserte Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland for å delta under Helsinki Pride i fjor.

Ho la ved eit bilete frå det første kapittelet i Paulus’ brev til romarane der seksuelle handlingar mellom menneske av same kjønn vert omtala som skammelege. Det andre var eit hefte ho skreiv i 2004 med tittelen «Til mann og kvinne skapte han dei».

– Like verdifulle

Allereie i vår var det kjent at riksadvokaten i Finland undersøkte om utsegner Räsänen hadde kome med i eit tv-program og eit radioprogram sendt av den finske rikskringkastaren YLE.

Det er det siste ho no skal svare for hos politiet. Mistanken er agitasjon mot ei minoritetsgruppe. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil to år.

– Vi diskuterte Bibelens lære om Jesus, skapinga av mennesket, synd, den endelege dommen og frelsa. Eg framheva at alle menneske, uavhengig av seksuell orientering, står på same linje for Gud. Alle er verdifulle, men alle er også syndige og treng Jesu forløysande verk for å arve evig liv. Det er ufatteleg for meg at programmet er mistenkt for å vere ærekrenkjande på noko vis, seier Räsänen.

– Dannar presedens

Ein privatperson melde Räsänen til politiet, men etterforskinga vart lagd til side. Politiet meinte det dreia seg om ei viss teologisk overtyding og verdivurdering som under gjeldande lov var innanfor trusfridomen og ytringsfridomen.

Riksadvokaten meiner likevel at det var grunnlag for etterforsking og har bede politiet sjå på saka igjen. Räsänen konstaterer at ho dermed er under etterforsking for totalt fire tilfelle av utsegner om homofilt samliv.

Ho undrar seg over dette fordi lova krev at det skal føreliggje konkrete prov på ei kriminell handling for å innleie ei kriminaletterforsking.

– Desse politietterforskingane har å gjere med om det er lovleg offentleg å vedkjenne og undervise bibelbaserte synspunkt på menneskets relasjon til Gud. Med tanke på trusfridom og ytringsfridom kan desse sakene danne presedens, seier Räsänen.

Ho legg til at ho vil forsvare seg sjølv for at ingen andre skal bli fråtekne trusfridomen sin.

– Trusfridom har å gjere med å ha ei overtyding, som stikk djupare enn berre å ha eit bestemt synspunkt, seier ho.

Ikkje berre kristne

Det et er ikkje berre kristne som er under lupa. Den kristne finske advokaten Ville Hoikkala har overfor Dagen påpeika at den noverande riksadvokaten i Finrland, Ralja Toiviainen, har hatt mål om å klargjere lovgivinga om grenser for ytringsfridomen.

– Fleire personar har vore etterforska. Dei representerer forskjellige ideologiar, inkludert nasjonalisme, islam og marxisme, og har skrive eller sagt noko som verkar til å oppmodar til kriminalitet eller er nedsetjande om grupper av menneske, sa Hoikkala i mars.

Powered by Labrador CMS