SUSPENDERT: Jennifer Melle (40) må tre ifrå stillinga si som sjukepleiar grunna ordvalet sitt.
Foto: Christian Concern
Kristen sjukepleiar kalla transkjønna pasient «Mr.» - no er ho suspendert
- Dette var eit medisinsk scenario som kravde nøyaktig terminologi, seier sjukepleiaren. No går ho rettens veg.
- Det vert venta at eg skal tolerera ekstrem rasisme, fornekta biologisk realitet og undertrykkja dei djupt forankra kristne overtydingane mine – alt i namnet åt «inkluderinga» og vernet av usanningar, seier Jennifer Melle (40).
Ho er sjukepleiar ved St. Helier Hospital sør i London og må fråtre stillinga si inntil vidare.
Bakgrunnen er at ho refererte til ein transkjønna pasient - som også skal vera ein dømd seksualforbrytar - med nemningane «Mr.» og «han» i staden for «Miss.» og «ho».