Kristen skule til topps i nasjonal konkurranse nok ein gong: – Hadde ikkje trudd det
Tryggheim-elev Christian Askeland (16) tok gull i skule-NM i snikkarfaget 13. april.
– Eg blei veldig glad. Det hadde eg ikkje forventa, seier gullvinnar, Christian Askeland, til Dagen.
Skule-NM er eigentleg for VG2-elevar, men førsteklassingen frå Tryggheim vidaregåande skule i Rogaland klarte å kvalifisere seg likevel.
Om konkurransen
Konkurransen gjekk av stabelen på Thor Heyerdahl vidaregåande skule i Larvik 12. og 13. april, med sjølvaste Kronprins Håkon til stades for å kaste glans over snikkarfaget.
Arrangør er stiftinga WorldSkills Norway, som held yrkeskonkurransar i over 80 land.
I gårsdagens skule-NM konkurrerte Tryggheim-eleven mot sju andre handplukka deltakarar.
Askeland hadde på førehand øvd mykje og kvelden før bad han ei bøn.
Så var han klar.
Blei stressa
Oppgåva gjekk ut på å snikre eit skap med dør i heiltre. Deltakarane fekk delt ut teikningar dei følgde undervegs, ei plate i heiltre og ulike tresortar dei skulle sette saman. Nokon måtte dei høvle til sjølv og noko måtte finkappast.
På sju timar skulle 16-åringen frå Sandnes lime saman plata, lage ho i rett tjukkleik og lage ramme rundt skapdøra, i tillegg til skrog med bakplate og feste.
Med ukjende maskinar, mykje detaljarbeid og erfarne konkurrentar blei det nervepirrande.
– Eg blei litt stressa, innrømmer 16-åringen, som likevel klarte å halde hovudet kaldt.
– Eg prøvde å ikkje fokusere for mykje på kva dei andre gjorde, men halde jamn flyt i arbeidet mitt og gjere det på den måten eg var trygg på, seier han.
Skal konkurrere internasjonalt
Juryen lét seg imponere og torsdag 13. april kapra han førsteplassen i skule-NM for snikkarfaget.
– Sånn eg forstod det var det tett i toppen. Småting utgjorde forskjellane, fortel gullvinnaren.
Skal vi tru Hilde Widerøe Wibe i Norske Trevarer går Christian Askeland og dei andre snikkarspirene ei lys framtid i møte.
– Desse ungdommane har kunnskap og ferdigheiter som Norge kjem til å trenge mykje av i åra framover, seier Wibe til bnl.no.
Askeland sjølv har framtidsplanane klare.
– Eg vil vere tømrar og snikkar. Då kan eg både byggje hus og ta finarbeid som trappar og skap for kundane mine samstundes, seier han.
Med NM-gullet i boks går 16-åringen vidare til tilsvarande konkurransar på europeisk og globalt nivå. Men først blir det feiring med bollar og brus saman med klassekameratar på Tryggheim.