SVENSKE TILSTANDAR: Mange svenskar skiftar religiøs identitet. Biletet viser Margaretakyrkan i Oslo.
FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kristendommen mister tilhengarar raskare enn nokon annan religion
Omfattande undersøking frå 36 land viser at mange forlet trua dei vaks opp med. Trenden er særleg tydeleg i Vesten.
Over 80.000 menneske har delteke i undersøkinga om endra religiøs tilknytning som er gjennomført av Pew Research Center. Ho vart publisert denne veka.
Totalt sett er det rundt ein av fem av dei spurde, som seier at dei har gjort eit slikt skifte. Men det er store variasjonar mellom dei forskjellige landa over heile kloden.
Store variasjonar