GLADE RUSS: Kristenrussen har siden 1994 arrangert festival i Kragerø.

Kristenruss-treff flyttar frå Kragerø til Hedmarktoppen

Etter 20 år i sørlandsbyen har Russetreffet bestemt seg for å skifta beite og flyttar arrangementet til Hamar og Hedmarktoppen folkehøgskule.

Publisert Sist oppdatert

Russetreffet, som blir arrangert av Skjærgårdsgospel og Kristenrussen, er landets største rusfrie russearrangement. Hensikta til Russetreffet, eller Kristenrusstreffet som det òg kallast, er ifølgje arrangørane å gi trygge, gode og rusfrie rammer for russ, og at festivalen skal vera ein god start på ei russetid som mange har gledd seg til og nokon er meir spente på.

I ei pressemelding forklarer festivalsjef Roar Korsæth Eikli at festivalen har nådd eit punkt i Kragerø der det var vanskeleg å utvikla seg vidare.

– Hedmarktoppen Folkehøgskule i Hamar gir oss i stor grad dei moglegheitene vi ønsker oss, og dei har sidan starten av prosessen stått med opne armar for å gjera dette mogleg. Vi gleder oss til å ta i mot fleire hundre russ i Hamar.

Opnar nye moglegheiter

Kristenrussen, som for tida er eit samarbeid mellom Noregs Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget), Bibelselskapet, Stefanusalliansen og Ungdom i Oppdrag, har hatt ei lang historie med treff i Kragerø. No er organisasjonen likevel klar for å prøva ein ny stad.

– Vi i Kristenrussen er så takksame for å stå saman med Stiftelsen Skjærgårds for Russetreffet. No gleder vi oss over å endeleg kunna arrangera Russetreffet igjen etter to år utan, seier leiar i Kristenrussen, Torgeir Lillenes Reinlund.

Russetreffet vart avlyst dei siste to åra på grunn av pandemien, men satsar på å få gjennomføra i april 2022.

– I det høvet er det fantastisk å kunna seia at vi flyttar til Hedmarktoppen etter 20 år i Kragerø. Dette opnar heilt nye moglegheiter for Russetreffet til å kunna veksa og skapa eit heilt magisk russetreff! Saman med Skjærgårds og Hedmarktoppen skal vi gi russen ei helg dei seint vil gløyma, seier Lillenes Reinlund.

– Vi har stor tru

Hedmarktoppen folkehøgskule, som har tilknyting til Pinsebevegelsen i Noreg, ser fram til å ta imot kristenruss frå heile landet.

– Det gleder oss at vi no skal få vera vertskap for kristenrussen! Det er moro å tenka langsiktig med arrangørane, og vi har stor tru på at Russetreffet fortset å vera ein viktig festival for russen i mange, mange år til, seier Silje Elida Kapstad Sundhordvik, marknadsansvarleg ved Hedmarktoppen.

Powered by Labrador CMS