NEDERLAG: Familien Wunderlich fekk ikkje medhald i Den europeiske menneskerettsdomstolen i kampen sin for å undervise borna heime. Bak står advokaten Robert Clarke (t.h.) og støttespelaren Mike Donnelly frå Home School Legal Defense Association. Foto: Privat/ADF International

Kristent ektepar 
får ikkje undervise 
borna sine heime

Dei er «ekstremt frustrerte» etter ei avgjerd i 
Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Publisert Sist oppdatert

Medan det i Noreg er opplæringsplikt av born, er det i Tyskland skuleplikt. Det inneber at norske foreldre kan velje å gi borna heimeundervisning. I Tyskland er dette forbode, og slik har det vore sidan 1919.

Ekteparet Petra og Dirk Wunderlich frå Darmstadt, som ligg i nærleiken av Frankfurt, har valt å utfordre forbodet. Etter å ha lide nederlag i det tyske rettssystemet, klaga dei saka si innfor Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Svært skuffa

I førre veke vart det klart at ekteparet ikkje fekk medhald der heller. Saka har vore omtala av mellom anna BBC og ei rekke tyske og amerikanske media.

– Dette er ein svært skuffande dag for familien vår og dei mange familiane som er påverka av dette i Tyskland. Etter fleire år med juridisk kamp, er det ekstremt frustrerande for oss og borna våre, seier Dirk Wunderlich ifølgje ADF International. Denne kristne organisasjonen har representert familien.

Stor politiaksjon

Dei fire borna var mellom åtte og 14 år gamle då dei vart henta av over 30 politifolk og sosialarbeidarar ein morgon i august 2013. Tyske styresmakter forsvarte inngrepet med at foreldra isolerte borna frå omverda.

– Omsorga for borna vart overteken som ein siste utveg for å sikre retten deira til opplæring, sa den regionale oppvekstleiaren, Klaus Behnis ifølgje BBC i 2013.

– Dei har også rett til å vekse opp slik at dei blir i stand til å leve i samfunnet, noko som berre er mogeleg dersom dei møter forskjellige synspunkt, la Behnis til.

Borna vart returnerte til foreldra etter tre veker, men ekteparet meinte inngrepet braut med retten til privatliv og familieliv som er garantert i artikkel 8 i Den europeiske menneskerettslæringa.

Budde utanlands

Allereie i 2005 nådde den eldste dottera skulealder, men foreldra ville ikkje skrive henne inn på skulen. Foreldra vart ilagde bøter som dei betalte, men sende framleis ikkje dottera på skulen. Frå 2008 til 2011 budde familien utanlands. Då dei vende attende til heimlandet, let dei framleis vere å sende borna på skule.

– Vi valde å gi borna våre opplæring heime fordi vi trur dette er det beste miljøet for å lære og utvikle seg, forklarer Wunderlich.

EMD meiner likevel at det var rimeleg av tyske styresmakter å rekne med at borna vart sette i fare ved at dei ikkje vart sende på skulen, blant anna ved at dei var isolerte og ikkje hadde kontakt med andre enn familien.

– Alarmerande

ADF International meiner dommen har store implikasjonar for foreldrerettar over heile Europa.

– Vi er ekstremt skuffa over denne avgjerda frå domstolen, seier advokat Robert Clarke i ei pressemelding.

Han meiner dommen undergrev retten til å oppsede born utan utilbørleg innblanding frå staten over heile Europa. Advokaten opplyser at familien no vurderer å klage saka inn for storkammeret i EMD.

Leiaren for ADF International, Paul Coleman, meiner dommen «ignorerer at Tysklands politikk for heimeundervisning krenkar foreldra sin rett til å gi opplæring og retning for oppveksten til borna».

– Det er alarmerande å sjå at dette ikkje vert erkjent av menneskerettsdomstolen med sterkast påverknad i Europa. Denne avgjerda er eit steg i feil retning og burde uroe alle som bryr seg om fridom, seier Coleman.

Barnekonvesjonen

Menneskerettsjurist Njål Høstmælingen påpeikar at dommen er samrøystes.

– Det er ikkje alltid tilfelle, særleg ikkje i saker om trusfridom, seier han.

Høstmælingen viser til at det ikkje tok meir enn tre veker før borna vart returnerte til foreldra, og at tyske styresmakter har prøvd andre og mindre inngripande tiltak først.

– Domstolen vurderer behovet borna hadde for inkludering i samfunnet som viktigare enn den litt ekstreme trusfridomen til foreldra, seier juristen.

Han viser også til FNs barnekonvensjon. Denne seier at born har rett til undervisning og kva føremålet med denne skal vere.

– Ein del av omsyna som vert lagde til grunn, er ikkje like lette å oppfylle når ein sit heime og ikkje går på skule, meiner Høstmælingen.

Nasjonal fridom

Høstmælingen understrekar at europeiske land har forskjellig lovgiving om skulegong og opplæring. Dermed har både Tyskland og andre land framleis stor fridom når dei skal vedta lover om undervisning og skulegong.

– Er denne dommen viktig eller er han meir kuriøs?

– Det er litt begge deler. Eg veit ikkje om skulebiten er så viktig, men det har vore eit veldig stort engasjement frå kristne grupper som støttar denne familien og deira rett til å oppdra borna i si religiøse tru, seier han.

Powered by Labrador CMS