Kristian og Leah var misjonærar i ein «gudsforlatt» del av England: – Vi måtte tenke nytt
Kyrkje i pubbar, parkar og på kaffebarar. Ekteparet Tjemsland har prøvd det meste, men nå er det over.
Forbi Kyrkjevegen og inn Bethelvegen har den nye Ålgård-presten, Kristian Tjemsland med familie funne tilbake til sitt naturlege habitat.
12 år i Carlisle lengst nord i England er forbi. På den tida har talet på kyrkjeungdommar stege frå 200 til 2000.
Om det kjem til å skje like mykje i Ålgård og Stavanger bispedømme dei neste åra gjenstår å sjå, men endringar blir det.
Ville bli misojnærar i Etiopia
For å få eit hint om kva Stavanger bispedømme har i vente må vi 11 år tilbake i tid. Leah og kristian er begge misjonærbarn. Dei drøymde om å vere misjonærar i Etiopia, men Etiopia ga ikkje misjonærvisum på den tida.
I England derimot var visum lettare å få og misjonærbehovet stort.
– England? Kristendommen si vogge i Europa? Den anglikanske kyrkja med alle sine staselege bygninger? Og med verdas mektigaste monark som høgste beskyttar?
Det blei ei lita krasjlanding for det unge ekteparet, før dei skjøna at det var i Nord-England og bispedømmet Carllisle at misjonærdraumen skulle realiserast.
Derfor treng England misjonærar
– England ligg ti til 15 år foran Noreg når det gjeld sekularisering, fastslår Kristian.
Det naturskjøne bispedømmet Carlisle var blant dei som mista flest medlemmar.
Då tekstilindustrien i området blei lagt ned førte det tusenvis av menneske ut i arbeidsløyse. Mange blei rusavhengige. Heimar blei øydelagte. Kriminaliteten steig. Dei som hadde sjansen, flytta.
– Nokre av utfordringane i Cumbria liknar på dei vi har sett i Finmark, forklarer Leah.
Av dei 500.000 innbyggarane i Cumbria er kun 44.000 ungdom. I 1989 hadde Cumbria 4300 ungdommar med tilknytning til Church of England. I 2010 var tallet nede i 235.
Bispedømmet i Carlisle innsåg at dei måtte tenke nytt, men blodrøde tal gjorde det vanskeleg å rekruttere nye folk i stillingar til barne- og ungdomsarbeid.
– Folk flest vil ikkje flytte opp til Carlisle for ein deltidsstilling, fortel Leah.
Men det ville ho og Kristian, og Det norske misjonsselskapet ville sponse dei.
Tabba seg ut
I 2012 flytta Kristian, Leah og dei tre sønene inn i prestebustaden i Carlisle.
Leah skulle bygge opp barne- og familiearbeidet til Den anglikanske kyrkja i bispedømmet, medan Kristian skulle leie Network Youth Church (NYC), eit misjonalt arbeid retta mot 11-18-åringar i Carlisle bispedømme.
Først prøvde dei å invitere ungdom inn i kyrkjene med lovsong, smågrupper og andakt.
– Det funka dårleg, innrømmer Kristian.
– Eg blei den sinte, gamle mannen som sprang rundt og passa på at dei ikkje røyka hasj på do.
Det som funka på ungdomsmøtene i Gandkyrkja i Sandnes på 90-talet funka ikkje blant ungdom i Carlisle i 2022.
– VI prøvde med Alpha-grupper, men mange av ungdommane var fjerde til femte generasjons kyrkjeframande. Dei hadde ikkje språket og referansene for å kunne reflektere over spørsmåla i Alpha-kurset.
Det var på tide å tenke nytt – igjen.
Slutta å invitere til kyrkja
Dei heldt fram med meir tradisjonelle ungdomsmøter, ungdomsklubbar og skulelag, men tok i bruk ei heilt anna tilnærming til ungdommar frå dei meir belasta bydelane.
– Vi oppsøkte ungdommane der dei var i staden for å be dei kome til kyrkja.
Då hadde han ofte med kakao, spelte fotball med dei og sat på graset i parken og bare hang ut. Andre gonger kunne dei møtast på pub eller kafé.
– Vi snakka om alt frå kva som var best av Pepsi max og Cola og om ananas høyrde heime på pizza til korleis å fullføre skuleløpet og få seg ein jobb til meininga med livet og livet etter døden, fortel Kristian.
Det hende han fekk ein tekstmelding midt på natta frå ungdommar som hadde tatt for mykje piller og ønskte besøk på sjukehuset.
– Nokon gonger kjende eg meg meir som ein ekstrafar eller ein onkel, enn som misjonær, innrømmer han.
Dei radikale frelseshistoriane ein høyrer om frå misjonsmarka lot vente på seg.
Vaksne konfirmerte seg
Medan Kristian tok seg av ungdommane på kveldstid tok Leah seg av mødrene og småbarna. Dei fann seg lettare til rette i kyrkjerommet enn ungdommane. Invitasjon til gratis frukost før søndagsgudstenesten var ofte vegen inn.
– Mange alenemødre som syntes det var godt å treffe andre mødre i samme situasjon. Etter kvart blei dei med på alt som skjedde i kyrkja, fortel Leah.
I tida ho arbeidde med mødrene opplevde ho at fire av dei blei kristne, to av dei blei døpte og ei blei konfirmert.
– Konfirmert?
– Konfirmasjon er ikkje på langt nær så vanleg i England som i Noreg på grunn av sekulariseringa, påpeiker Kristian.
Grunna den krevjande situasjonen i Carlisle var det i løpet av de ti åra ekteparet budde der fleire eittåringar innom og tok del i ungdomsarbeidet. Leah hadde ansvar for desse.
– Det har vore veldig meiningsfullt å sjå korleis dei unge veks som eittåringar og korleis ansvaret og utfordringane dei møter fører dei nær Gud, fortel Leah.
Det var derfor med vemod ho tok imot beskjeden om at ektemannen hadde søkt på ein prestestilling i Ålgård, sjølv om heile familien lenge har sakna å vere nærare familie og besteforeldre i Sandnes.
Frå problemungdom til frivillige i kristent arbeid
– Eg syns det var litt trist å forlate ein jobb og menneske eg kjende meg så knytta til, innrømmer ho.
– Carlisle var jo heimen vår i 12 år.
Kristenlivet i det gudsforlatte bispedømmet stod i knopp klar til å blomstra. I tillegg til å ha blitt ein familie med fire på den tida hadde dei også knytt mange venskapsband til lokale. Dei hadde starta skulelag, ungdomsklubb, ungdomsmøter og vore kyrkje på alle tenkelege og utenkelege stader.
Tålmodet som krevdes i møte med vanskelgstilde ungdommar løna seg. New youth Network-church i Carlisle har nå fast kontakt med 200 unge. Fleire av ungdommane Kristian blei kjende med i byrjinga av oppholdet i Carlisle er sjølv med i det frivillige utadretta arbeidet til kyrkja.
– Eg veit ikkje om nokon av dei kallar seg kristne, men vi har fått følgje dei første steg på vegen. Vi har sådd frøet og prøvd å vatne, så er det opp til Gud å gi frukt, seier Kristian.
Urolege for vegen vidare
– Kva skjer med alle de har vore i kontakt med nå som de flyttar?
– Det er vanskeleg. Eg veit ikkje heilt. Vi håpar bispedømmet finn nokon som kan overta. Folk blir skuffa og eg blir jo litt uroleg... og trist, smiler Leah vemodig.
Kristian nikkar.
– Me må stole på at det er ei styring med det. Me kan så, men det er Gud som haustar.
– Ja, me treng ikjke vite alt som skjer, for Gud veit. Han forlater ikkje Carlisle, sjølv om me gjer det, supplerer Leah.
Etter Brexit har det vore utfordrande for nye misjonærar å få visum, men NMS-misjonær Sølgunn Smith blir verande. Ekteparet er også sikre på at dei kjem til å halde kontakte med mange i sosiale medier, men først og fremst vil familien konsentrere seg om det nye livet i Noreg.
Vil eksperimentere meir
Leah skal halde fram med å arbeide med eittåringar for NMS og Kristian gler seg til å ta fatt på prestetenesten. Barna begynner på skule.
– Kva er den største utfordringa for kyrkja i Noreg og Stavanger bispedømme?
– Det er vanskelig å sei noko utan at eg høyres frekk ut. Eg kjem jo utanfrå og skal vere forsiktig om uttale meg når eg ikkje kjenner tilhøva frå innsida, humrar Kristian.
– Er ikkje utanforblikket nyttig å ha med seg inn i ein ny jobb?
– Jo. Eg tenker at kyrkja i Rolagand kan mykje og vil veldig mye og er veldig ressurssterk. Det er kjempebra, men det som kan skje med ein slik kyrkje er at ein kvilar på laurbæra, slik Church og England også gjorde for 15-20 år sidan. Då kan ein gå på en smell.
Han viser til at pilane peiker nedover for talet på konfirmerte og døypte både i Stavanger bipedømme og Noreg elles.
– Her kan me dra lærdom av Church of England, så ikkje det same skjer her. Me må tenke nytt.
– Ikke at det gamle ikkje er godt nok, legg den ferske presten til.
– Ein må sjølvsagt halde fram med det som er bra, men også starte nye ting for å nå alle dei passive medlemmane. Der har vi lyst å eksperimentere litt, seier Kristian.
– Eksperimentere med kva då?
– Ved å vere litt meir fleksible i korleis vi er kyrkje – finne måtar å tene lokalmiljøet på og jobbe med disippelgjering saman med andre kristne miljø. Kyrkja må engasjere seg i det unge bryr seg om og vere til stades der dei er.
Fleire hint får vi ikkje, for nå vil Kristian og Leah først og fremst bli kjente med kollegaer og loalmiljøet for å finne ut kva behova er lokalt. Tida som misjonærer er over for Tjemsland-ekteparet, men det misjonale arbeidet er ikkje over. Det har bare så vidt begynt.