Regjeringa har foreslått å kutte pensjonstilskotet til private barnehager med 220 mill. kroner. – Det vil føre til færre kristne barnehagar, meiner forbundsleiar. Foto: Vidar Ruud, NTB

– Kristne barnehagar vert ekstra hardt råka av kutt-forslag frå regjeringa

Det seier leiaren for Private Barnehagers Landsforbund (PBL), Anne Lindboe, etter å ha blitt kontakta av meir enn 400 barnehagar om kutt-forslaget frå regjeringa.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare denne månaden la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett. Blant anna foreslo regjeringa å kutte pensjonstilskotet til private barnehagar frå 13 til 11 prosent. Regjeringa sparar til saman 220 millionar kroner på innstramminga.

I NLM-barnehagene AS, som er eit paraplyselskap for 35 av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sine barnehagar, fryktar dei at kuttet vil få store konsekvensar.

– Vi opplever det som veldig krevjande. Dersom dette ikkje blir endra, vil tilskotet vårt bli redusert med omkring fem millionar kroner. Dersom dette hadde tredd i kraft i år, hadde vi gått med underskot, seier dagleg leiar Harald Berge Breistein til Dagen.

Fryktar nedleggingar

– Fryktar de nedleggingar i NLM-barnehagene?

DAGLIG LEDER: Harald Berge Breistein, daglig leder i NLM-barnehagene AS. Foto: Birgit Opheim

– Vi har ein regel om at kvar barnehage skal gå rundt økonomisk på eiga hand, og nokre av barnehagane vil slite veldig med det. Vi kan støtte dei i nokre år, men ikkje over lang tid. Viss dette blir vedteke, er det fare for at nokre av våre barnehagar går mot avvikling.

Han vil ikkje seie noko om kor mange barnehagar som står i fare for å bli nedlagd, men seier at sju NLM-barnehagar gjekk med underskot i fjor.

– Det som er heilt klart er at det vil gå ut over kvaliteten på barnehagane. Regjeringa har sagt at dei ønskjer å satse på kvaliteten i barnehagane, men det blir vanskeleg dersom dette kuttet blir gjennomført, meiner Breistein.

– Skuffande forslag

Regjeringa har foreslått å løyve 130 millionar kroner til ei toårig overgangsordning for enkeltståande barnehagar. Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon (KA) fryktar at kuttet vil råke Den norske kyrkja sine barnehagar hardt, og meiner overgangsordinga er for dårlig.

– Overgangsordninga oppfattast som at dei gir barnehagane to år på å verte selde til ei stor kjede eller leggje ned. Dette er eit skuffande forslag, og regjeringa må gjere meir for enkeltståande barnehagar, seier seniorrådgjevar Jens A. Bjelland.

– Står nokon av dykkar barnehagar i fare for å måtte leggje ned?

– Eg kan ikkje seie at dei ikkje gjer det. Barnehagane er veldig bekymra. Fleire av barnehagane opplever den økonomiske situasjonen som krevjande i dag, og meiner den blir enda meir krevjande dersom kutta blir gjennomført, seier Bjelland.

Råkar kristne

Anne Lindboe er leiar for Private Barnehagers Landsforbund (PBL) Foto: Vidar Ruud / NTB

Dei kristne aktørane får heilhjarta støtte frå leiaren i Private Barnehagers Landsforbund (PBL), Anne Lindboe, som kallar kutt-forslaget ekstremt urettferdig.

– Det er kutt på totalt 350 millionar kroner som vil råke sektoren utruleg hardt. Regjeringa har også foreslått å nedjustere kapitaltilskotet med nærmare 250 millionar kroner. I ein sektor der fire av ti barnehagar driftar med underskot, er det kroken på døra for mange, seier Lindboe til Dagen.

Ho fortel at PBL har blitt kontakta av over 400 barnehagar som fryktar å anten måtte leggje ned eller kutte i tilbodet neste år.

Lindboe meiner at dei kristne barnehagane vert ekstra hardt råka av kuttet.

– Vi veit at mange kristne barnehagar slit. Både dei store kjedene, som NLM, og mange av dei enkeltståande barnehagane har store økonomiske problem. Dersom ein vil fjerne mangfaldet i barnehagesektoren, er dette kuttet den beste måten å gjere det på, seier Lindboe.

Nødvendig kutt

KrFs Hans Fredrik Grøvan meiner kutta i pensjonstilskotet var ei nødvendig opprydding.

KrFs parlamentariske leiar, Hans Fredrik Grøvan, seier at han vil lytte til tilbakemeldingane frå barnehagane, sjølv om han meiner at det var nødvendig å kutte i tilskotsordninga.

– I rapportane vi sit på kjem det fram at 94 prosent av barnehagane har fått meir i tilskot enn dei har brukt på pensjon. Til samen har dei fått utbetalt over éin milliard kroner meir enn dei har brukt. Dette er ei nødvendig opprydding, seier Grøvan.

Han forsikrar om at staten framleis skal bere pensjonskostnadane for dei tilsette i barne- hagane.

– Vi følgjer med

KrF-politikaren er tydeleg på at partiet ønskjer kristne barnehagar og vil vurdere kor store konsekvensar kuttet får.

– Dette er ei bekymringsmelding vi merkar oss. Vi skal følgje ekstra godt med på korleis dette slår ut for dei enkeltståande barnehagane, og viss det slår ut slik PBL antyder, vil KrF foreslå å vurdere korleis vi kan kompensere dei, slik at dette ikkje fører til færre kristne barnehagar, seier Grøvan.

– Heilt feil

PBL-leiar Lindboe er samd i at barnehagane har fått eit større pensjonstilskot enn dei har hatt behov for, men seier at pengane ikkje har vore øremerka. Tilskotet har difor gått til andre områder, og Lindboe fryktar at kvaliteten på dei private barnehagane vil bli kraftig redusert.

– Det har vært en overfinansiering i pensjonstilskotet, men det er heilt feil at det er ein milliard kroner. Det kan vi dokumentere at ikkje stemmer. Rapportane regjeringa legg til grunn er dårlig handverk, seier Lindboe.

Powered by Labrador CMS