TØRKE: Turistar badar innsjøen of Sainte-Croix sør i Frankrike, prega av langvarig tørke.
Daniel Cole/AP/NTB
Kristne i Frankrike er meir opptekne av klima enn folk flest
Ny undersøking viser at kristne franskmenn engasjerer seg i miljøspørsmål.
Ni av ti personleg vedkjennande protestantiske kristne har snakka om miljøøydelegging med familiemedlemer eller vener. 56 prosent har hatt samtalar om dette på nettet.
Det inneber at truande kristne er betydeleg meir opptekne av økologiske spørsmål enn gjennomsnittet i Frankrike, skriv evangelicalfocus.com.
Nettavisa omtalar ei ny undersøking som er gjennomført av byrået Ufop på vegner av den kristne miljøorganisasjonen A Rocha og Parlons Climat, eit program for å diskutere klimakrisa i samfunnet.