Kristne lærarar spreier kunnskap om Jesus
Lærernes Misjonsforbund samlast til generalforsamling for å drøfte vegen vidare.
Og då vil forbundet evaluere dei tre siste åra, samt sjå fram mot tre nye.
– Vi har veldig aktive og store lokalgrupper i bergensområdet, seier Inger Marie Oppegård, dagleg leiar i Lærenes Misjonsforbund.
Inkluderer menn
Mange kjenner kanskje organisasjonen frå tidlegare som Lærerindenes Misjonsforbund, som starta ut som ein kvinneorganisasjon. I dag er også menn inkluderte, og derfor skifta dei namn.
– Om du var kvinne og ugift, kom du deg sjeldan ut, men var du mann var det ikkje noko problem å reise ut som misjonær. Så bestemte fem kvinner seg for å gjere noko med dette. Det var då organisasjonen vår vart grunnlagd, seier Oppegård.
Misjonærar på vitjing
På generalforsamlinga vil utsendingane kome og fortelje om arbeidet dei gjer ute i den store verda. I tillegg kjem dagleg leiar ved Caspari Center i Jerusalem, Elisabeth E. Levy og NLM–forkynnar Marit Andersen.
– Eg ser fram til bibeltimane dei skal ha for oss. Temaet for generalforsamlinga er «i Jesu fotspor». Elisabeth Levy vil seie litt om å vandre i Jesu fotspor i Israel, medan Marit Andersen vil seie noko om dei åndelege spora etter Jesus i Noreg og Bolivia, der ho har vore misjonær.
Visjonen til organisasjonen er «med kunnskap om Jesus til heile verda».
Val av nytt styre
På fredagen vert det val av nytt landsstyre og ny leiar. Leiarkandidaten er Anne–Lise Bakken frå Høydalsmo i Telemark. Noverande leiar, Annbjørg Eiksund Hesselberg, går av.
– Eg synest det er flott at vi under generalforsamlinga får stoppe litt opp og sjå på kva vi skal gjere framover. Landstyraren skal levere ein rapport for dei tre siste åra, samt ein handlingsplan for dei tre neste. Organisasjon har som mål å halde seg vital og vere på utkikk etter nye mogleikar, seier Oppegård.
Konsert og byvandring
– Vi ser naturligvis spesielt fram til konserten til Solveig Leithaug laurdag kveld. Ho kjenner mange av lærarane godt, seier Oppegård.
På søndag vert det gudsteneste med forbøn for det nye styret i Landro kyrkje. På programmet står også byvandring i Bergen.
– Vi synest det er viktig å ha gudsteneste i ei lokal kyrkje. Stemnet er ikkje på same stad kvart år, og det er ekstra kjekt når vi då får koble oss på lokale forsamlingar og foreiningar vi har rundt omkring.
– Har du eit minne frå tidlegare du hugsar særskild godt?
– For tre år sidan var vi på Øytun i Alta. Det var ein veldig fin stad der vi fekk vere med på elvesafari på Altaelva. Eg synest det var ei flott oppleving å kome så tett på naturen der eg ikkje var så godt kjent. Det fine med stemnene er å kome litt rundt og møte lokalgruppene våre.