Kristne leiarar bad for Trump

President Donald Trump og visepresident Mike Pence tok imot evangeliske leiarar denne veka.

Publisert Sist oppdatert

Møtet fann stad samstundes med at det i media var stor merksemd rundt kontakten mellom sonen til presidenten og Russland.

Blant dei evangeliske støttespelarane som kom til Det kvite hus måndag, var det nokre som sat i den evangeliske rådgivingsgruppa til Trump i valkampen.

I forkant skal dei ikkje ha visst at dei kom til å møte Trump og Pence under det dagslange møtet dei var inviterte til i Eisenhower Office Building rett ved Det kvite hus.

Kom overraskande

Russland-saka var ikkje tema, ifølgje Johnnie Moore, som tidleg vart ein av dei evangeliske rådgivarane til Trump.

– På eit tidspunkt på dagen besøkte vi presidenten og visepresidenten, fortel Moore til RNS.

Dermed vart dei inviterte inn i Det kvite hus.

– Dei høyrde at vi var på eigedomen og tok seg til tid å helse.

LES: Trump innfrir delvis for kristne

«Ultimat selfie»

Moore og fleire andre av leiarane formidla inntrykk frå møtet på Twitter, Facebook og Instagram. Dei opplyste at dei bad for Trump i Det ovale kontor og framleis har tillit til administrasjonen hans.

Texas-pastoren Robert Jeffress, som 4. juli var vert for ein konsert i The Kennedy Center i Washington D. C. på den amerikanske sjølvstendedagen 4. juli, der Trump også deltok. På konserten framførte First Baptist Dallas Choir den nyskrivne songen «Make America Great Again», som også var slagordet til Trump under valkampen.

Ærefullt oppdrag

Ifølgje valdagsmålingar røysta 81 prosent av kvite evangeliske kristne på Trump ved valet i november.

På spørsmål om dei evangeliske leiarane er urolege for om folk vil oppfatte besøket deira i Det ovale kontor som eit teikn på at dei ikkje bryr seg om Russland-kontroversen, svarar Moore:

– Evangeliske kristne ser det som eit ansvar og ei ære å gi råd til og be for administrasjonen.

Moore legg til at verken møtet eller bønene i det heile teke hadde med Russland å gjere.

– Det var eit vanleg møte, som mange andre møte vi har hatt tidlegare, seier Moore.

LES: Trump snakker mer om Gud

Kritisk til media

Minst ein av leiarane som deltok, uttrykte seinare synspunkt på medieomtalen av kontakten mellom Trump-administrasjonen og Russland.

«Søppel» skreiv forkynnaren Rodney Howard-Browne på Twitter i respons til ein tweet frå Washington Post. Der skrev storavisa at Det kvite hus var kasta ut i kaos etter avsløringar om møte mellom Donald Trump Jr. og ein russisk advokat.

Howard-Browne har vore i Noreg og fått kringkasta møte på TV Visjon Norge.

LES: Ga et slags bønnesvar på nasjonal bønnedag

Avviser samrøre

Den kjende sørstatsbaptisten Richard Land, som no er president for Southern Evangelical Seminary i Matthews i Nord-Carolina, vart også spurd om Russland vart omtalt under møtet. Land seier at det einaste han kan hugse, var at det var nemnt på ein måte som reflekterte ei kritisk haldning til «mainstream media».

– Eg trur ikkje det var nokon i det rommet som hadde ein fjern mistanke om at det var noko samrøre mellom Trump-kampanjen og russarane, seier Land.

Johnnie Moore, som er forfattar og aktivist for forfølgde kristne, opplyser at rundt 30 evangeliske leiarar deltok på møtet. Mellom spørsmåla dei hadde oppe, var helsepolitikk, skatt, religionsfridom og utnemning til juridiske embete.

Powered by Labrador CMS