OMFAMNING: USAs president Joe Biden vart teken imot av statsminister Benjamin Netanyahu då han kom til Israel onsdag i førre veke.

Kristne og jødiske leiarar åtvarar Biden mot å presse Israel til forhasta våpenkvile

Ei rekke kjende evangelikale kristne frå USA har signert lesarbrev i Jerusalem Post.

Publisert Sist oppdatert

Underskrivarane takkar Joe Biden for at han besøkte Israel i landets mørkaste time. Biden reiste til Israel onsdag i førre veke for å vise landet støtte etter terroråtaket laurdag 7. oktober. Det har kosta over 1.400 menneske livet, blant dei også over 30 amerikanarar.

Over 200 personar vart dessutan bortførte som gislar i Gaza.

– Må eliminere Hamas

Dei som har signert brevet, etterlyser endå meir kraftfull handling frå den amerikanske presidenten.

GISSELTAKING: Palestinske terroristar transorterer bort ein israelar som vart teken til fange i kibbutzen Kfar Azza laurdag 7. oktober.

«Israel må gjere det som er nødvendig for å eliminere Hamas. Det er ikkje tilstrekkjeleg for Israel å svekkje eller vinne over dette brutale terroristregimet, som undertrykkjer sitt eige folk. Israel må fullstendig øydeleggje kvar einaste Hamas-terrorist, slik at dette vondet er sletta frå den menneskelege historia. Dersom Amerika pressar Israel til ei våpenkvile, vil Israels fiendar få nytt mot og Israel bli sett i fare, langt inn i framtida», heiter det i brevet.

Kjend frå Jesus Revolution

Det er signert av blant andre den norskætta tidlegare kongressrepresentanten Michele Bachmann, president Samuel Rodriguez i Hispanic Christian Leadership Conference, USAs tidlegare Israel-ambassadør David Friedman og tv-predikant Paula White som rådgivar for Donald Trump.

Pastor Greg Laurie, ein av hovudpersonane i den ferske filmen Jesus Revolution som har gått på norske kinoar, har også skrive under.

STØTTE: Pastor Greg Laurie i Harvest Christian Fellowship, har signert brevet til Joe Biden.

Underskrivarane meiner terroråtaket også var eit åtak på USA. Dei legg til grunn at Israel gjer alt dei kan for at dei sivile tapa skal bli så små som råd.

Dei meiner USA må vise ei støtte til Israel som er uavgrensa og utan atterhald.

Presidenten snakka med paven

66 prosent av amerikanarane er samde i at Israel ikkje har noko anna val enn å utslette Hamas fullstendig i Gaza. Målinga er utført av Rasmussen Reports mellom 10. og 12. oktober, melder Christian Post.

53 prosent av dei spurde meiner palestinarane har mest skuld for konflikten, medan 10 prosent meiner Israel har hovudansvaret.

På måndag snakka president Biden med pave Frans om situasjonen i Israel og Gaza. Presidenten fordømte åtaket på Israel og stadfesta behovet for å verne sivile i Gaza, ifølgje Det kvite hus.

Dei diskuterte også behovet for naudhjelp, for å hindre eskalering av konflikten og for fred i Midtausten.

Råka ortodoks kyrkje

Palestinske kyrkjeleiarar har på si side retta skarp kritikk mot vestlege kristenleiarar. Dei meiner desse er medskuldige i Israels «vald og undertrykking» i kjølvatnet av åtaket 7. oktober.

Ifølgje Hamas-styret i Gaza er over 5.000 palestinarar drepne og meir enn 15.000 såra.

GRAVFERD: Palestinarar deltek i gravferda til menneske som vart drepne i eit luftåtak som råka området til ei ortodoks kyrkje i Gaza på fredag i førre veke.

Israel vedgjekk sist veke at eit luftåtak som var retta mot eit kommandosenter for Hamas, råka området rundt den greskortodokse St- Porphyrios-kyrkja, som er den eldste i Gaza. Minst 18 menneske mista livet. Det ortodokse patriarkatet i Jerusalem skulda Israel for eit krigsbrotsverk, ifølgje Christian Post.

Utfordrar vestlege teologar

I eit ope brev på change.org skriv palestinske kyrkjeleiarar at dei ikkje har ord for å uttrykkje kor sjokkerte og forferda dei er over krigen.

«Vi sørgjer djupt over alle døde og lidande menneske fordi det er vår faste overtyding at alle menneske er skapte i Guds bilete. Vi finn det også grunnleggjande problematisk når Guds namn vert påkalla for å fremje vald og religiøse nasjonale ideologiar», skriv dei.

Dei vil «utfordre vestlege teologar og kyrkjeleiarar som har ytra ukritisk støtte til Israel og kalle dei til omvending og forandring».

Saknar støtte til palestinarar

Dei meiner det vert praktisert ein dobbelstandard i møte med død og liding.

Underskriverane representerer mellom anna Kairos Palestine, Christ at the Checkpoint, Bethlehem Bible College, East Jerusalem YMCA, The Arab Orthodox Society of Jerusalem, YWCA Palestine, Sabeel Ecumenical Center for Liberation Theology og Department of Service to Palestinian Refugees of the Middle East Council of Churches.

«Saman med medkristne fordømer vi alle åtak på sivile, særleg forsvarslause familiar og born. Likevel uroar det oss at mange kyrkjeleiarar og teologar teier når det er palestinske sivile som vert drepne», skriv dei.

Powered by Labrador CMS