Kristne protester mot hat-stempel
Organisasjonar som frontar tradisjonelt kristent syn på kjønn, ekteskap og familie, reagerer på å bli putta i bås med rasistar og nynazistar.
«Her er alle dei aktive hatgruppene der du bur», erklærte ei overskrift hos CNN før helga. Lista var henta frå den venstreorienterte aktivistgruppa Southern Poverty Law Center (PLC).
«Mange kristne organisasjonar fryktar for tryggleiken sin», skriv Fox News-kommentatoren Todd Starnes etter publiseringa.
På lista er forskjellige organisasjonar plasserte i kategoriar som nynazistar, anti-muslimar, svarte separatistar, skinhead-rasistar, Ku Klux Lkan-grupper og kvite nasjonalistar.
Terrorforsøk
Men også anti-LHBT-grupper er ein eigen kategori, og det er her fleire kristne organisasjonar hamnar. (LHBT er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner). American Family Association, Alliance Defending Freedom og Family Research Counril er tre døme.
Den væpna unge mannen Floyd Lee Gorkins prøvde for fem år sidan å ta seg inn hos nettopp Family Research Council i Washington D. C. for å drepe medarbeidarar. Gjerningsmannen vart overmanna av dørvaktaren, men denne vart skoten i armen. Gorkins hadde klekt ut planen over fleire år, ifølgje CNN.
Målet var å skremme folk som var imot homoekteskap, forklarte Gorkins i retten.
28-åringen sa seg for fire år sidan skuldig i væpna terror. Han vart dømd til 25 års fengsel.
LES: Franklin Graham advarer mot Disney-filmer
Kritiserer CNN
Målet hadde han peika ut etter å ha sett på nettsidene til nettopp Southern Poverty Law Center at Family Research Council var oppgitt som ein anti-homo-organisasjon.
President Tony Perkins i Family Research Council meiner dette viser at SPLC oppmodar til vald.
– Dette er ein åtakshund på venstresida, seier Perkins til Fox News om organisasjonen.
Leiarar frå andre kristne organisasjonar på lista omtalar denne som farleg både for tilsette og for støttespelarar.
Dei får støtte frå andre konservative kristne.
– Vi har eit problem i USA, med hat. Vi såg dette sist veke i Charlottesville. Enten det er rasisme eller antisemittisme, nynazistar eller Ku Klux Klan, er dei hatgrupper som ikkje har nokon plass i USA og dei burde bli fordømde utan formildande og tvetydige ord, seier Ryan T. Anderson i den konservative tankesmia Heritage Foundation.
Men Andersom meiner SPLC plasserer grupper på «hatkartet» sitt fordi ein er usamd med dei.
– Det er uansvarleg av CNN i dag å berre vidareformidle hatkartet til SPLC som om det er fakta. Det øydelegg hat som merkelapp, og det trivilaliserer den verkelege vondskapen som er der ute, seier han.
LES: En kristen nøtt til Trump
– Ikkje truverdig
CNN har seinare endra tittelen på artikkelen for å vise kva kjelda er. Følgjande er også presisert:
«Nokre kritikarar av SPLC seier at engasjementet til denne gruppa legg føringar for korleis dei kategoriserer visse grupper. Men sidan FBI ikkje held oversikt over hatgrupper i landet, er lista til SPLC den som er breitt akseptert».
LES: Jubler for Trumps høyesterettsdommer
Skribent David French i det konservative tidsskriftet National Review ser annleis på saka:
«Alle nyheiter som inneheld frasen ’ifølgje data frå Southern Powerty Law Center’, er ikkje truverdige», skriv han på Twitter.