SKANDALAR: Carl Lentz kjem med nye innrømmingar og avsløringar i den nye Hillsong-dokumentaren «The Secrets of Hillsong».

Kritisk Hillsong-dokumentar kjem til Norge

Der opnar kjendis-pastoren Carl Lentz opp om ein traumatisk barndom, pillemisbruk, utruskap og korleis terapi har hjelpt han med å takle livet.

Publisert Sist oppdatert

Carl Lentz stod i spissen for megakyrkja Hillsong New York inn til han brått måtte gå av for tre år sidan.

Då det kom fram at han hadde vore utru mot kona, Laura, såg toppleiinga i den internasjonale kyrkja såg seg nøydd til å sette ned foten.

I ettertid vart det stille frå dei begge to.

Så, i mai, kom dokumentarserie «The Secrets of Hillsong», der paret snakkar ut.

Onsdag kjem dokumentaren også til Norge. Det bekreftar streaming-tenesta Disney+ i ein mail til Dagen.

Nye innrømmingar

Lentz og kona og var med å grunnlegge Hillsong New York i 2010, og Lentz fekk rolla som hovudpastor. Nyplantinga vaks raskt og blei etter kvart ei urban megakyrkje.

Etter ti år i teneste kom det fram at han hadde vore utru mot kona med den palestinsk-amerikanske motedesignaren Ranin Karim.

Brått måtte både Lentz og kona gå av.

DOKUMENTAR: I ein ny dokumentar snakkar kjendispastoren Carl Lentz ut om utruskapen mot kona. No blir den også å sjå på norske skjermar.

I den nye dokumentaren som no også blir å sjå på norske skjermar avslører den tidlegare megakyrkje-pastoren endå ein affære. Han skal nemleg ha hatt eit forhold til Leona Kimes, som var dagmamma for barna deira.

Kona skal ha hatt ein mistanke, men seier både Lentz og Kimes nekta fram til sanninga kom for ein dag.

Dagmamma på si side meiner ho var eit offer, fordi den tidlegare hovudpastoren hadde misbrukt ho seksuelt, noko han nektar for i den nye dokumentaren.

Han meiner det heile var frivillig.

Vart misbrukt

I serien kjem det også fram nye sider ved Lentz sin barndom.

Som barn, seier han, skal han ha blitt seksuelt misbrukt av ein venn av familien. Det skal ha ført til at han sleit med å stole på andre og begynte å lyge for å beskytte seg sjølv.

I seinare tid skal han ha fått hjelp til å jobbe med dei traumatiske opplevingane frå barndommen gjennom terapi.

– I terapitimane snakka vi om at ting som bønn – og det å snakke om Jesus – i seg sjølv ikkje kjem til å fikse noko, seier han.

Pastoren skal også som ung-vaksen ha fått diagnosen ADHD.

I dokumentaren innrømmer han å ha misbrukt reseptbelagde ADHD-pillar for å takle presset jobben som hovudpastor i megakyrkja medførte.

Serien blir tilgjengeleg i Norge på Disney+ frå og med den 12. juli.

Powered by Labrador CMS